Hopp til innhold

Tindevegen i Sogn stengt av ras

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø er stengt på grunn av ras.

- Det har gått eit jord- og steinras i Berdalen ein gong mellom klokka 18 og 19 onsdag kveld, opplyser styreleiar i Tindevegen, Frank Roger Eldegard til NRK.

Viktig pendlarveg

Fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø vert brukt av mange pendlarar, men vert ikkje opna att i dag. Vegen går mellom riksveg 53 på Årdal-sida til riksveg 55 på Turtagrø-sida.

- Det er bekmørkt i området, så arbeidet med å få vekk rasmassen tek vi att i morgon, forklarar Eldegard.

Opnar ikkje før torsdag

Vegen er privat og inngår ikkje under Statens Vegvesen.

Det har regna kraftig i området onsdag.

- Vi håpar å opne vegen att i morgon, torsdag klokka 12, seier Eldegard.

Ifølgje Vegmeldingssentralen er det ved 21.30 tida onsdag kveld ikkje kome inn andre meldingar om stengde vegar på grunn av ras i Sogn og Fjordane.