NRK Meny
Normal

Tindeførar: Desse fjella er i verdsklasse

Trass sprengkulda dei siste dagane, har ivrige skigåarar brukt fire dagar i Jølstrafjella. – Dette er gullet i eigen bakgård.

Fjelltur i Jølster

TOPPTURAR: Kvar dag gjekk dei opp på to-tre fjell i Jølster.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde

Tindeførar Sigurd Nordeide-Felde frå Breim er kjent for både klatre- og skiekspedisjonar både i utlandet og her heime. Denne veka har han og sju andre brukt fleire dagar på å leggje ei skirute frå Vassenden til Årdal i Jølster.

– Vi har gått i fjella som omkrinsar Jølstravatnet. Det har vore utruleg fint, trass kulda.

Fleire toppar kvar dag

Sigurd Felde

KORTREIST: Sigurd Nordeide-Felde er tindeførar og har i fire dagar vore i fjella i Jølster.

Foto: Henning Iversen

Første dagen gjekk dei frå Vassenden til Sandal, der dei overnatta privat. Deretter gjekk turen til Skei og overnatting på hotell. Den siste overnattinga var i hytte.

– Det som er fint med fjella i Jølster, er at dei er så låge og at folk kan velje kor langt og tungt dei vil gå kvar dag. Det gjer denne rundturen ganske unik.

Gjengen gjekk opp på to-tre toppar kvar dag og var mellom anna på Kvamsfjellet, Nonsnibba, Sanddalsfjellet, Sandbotnegga, Olahansfjellet, Blåfjellet og Steinegga.

– Dette er fantastiske fjell å leike seg i.

Trur på oppsving

Men kvifor bruke fire iskalde dagar i fjellet? Tindeføraren seier han har oppdaga gullet i eigen bakgård.

– Det har blitt ein del turar både i inn- og utland opp gjennom åra. Men vi ser at fjella og snøen her heime er i verdsklasse. Det å finne verdsklasseterreng her er utruleg.

Sunnfjordfjella har fått stor merksemd, med besøk av journalistar frå fleire friluftsmagasin og boka «Toppturar i Sunnfjord». Nordeide-Felde trur dette vil lokke fleire.

– Eg trur Sunnfjordfjella vil få ein markert oppsving. Dei har lege i skuggen av Sognefjella og Sunnmørsfjella, men fjella i Jølster ligg ikkje tilbake for dei andre.

Fjelltur i Jølster

BITANDE KALDT: Med blå himmel og sol, blei det likevel fine dagar for denne gjengen.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde

Ingen niste på toppen

Tidlegare i veka blei det meldt om kuldesjokk i fjellet og meteorologen åtvara mot skiturar. Nordeide-Felde og gjengen valde likevel å legge ut på tur.

Fjelltur i Jølster

GLEDE: Etter å ha slite seg til toppen, er det tid for å sette utfor.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde

– Når ein går i fjella i Jølster, er det kort veg til trygge omgjevnadar. Sjølv om det har vore kaldt, har himmelen vore blå og vi har hatt sol. Det har vore veldig kaldt, men vi har kost oss med nydeleg utsikt og flott føre.

Men å kose seg med kaffi og matpakke på toppen, har det vore lite med.

– Det har vore så kaldt at når vi kom oss opp toppane, var det berre å ta av fellane og komme seg ned att.

Dei har ikkje møtt andre turgåarar, men har sett masse skispor.

– Dette viser at det er mange som brukar fjella. Det har vore ein stor eksplosjon i toppturaktiviteten.

– Har du sjølv nokre spennande planar framover?

– Ingenting eg vil røpe no. Eg har alltid masse på gang, vi får ta det når tida kjem, ler han.

Fjelltur i Jølster

FLOTT NATUR: Sigurd Nordeide-Felde meiner fjellet i Jølster er gullet i eigen bakgård.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde
Vegopning på Bergum i Førde kommune