NRK Meny
Normal

Timina skal lyse opp dagen for eldre

Golden retrieveren Timina (8) er saman med eigar Christine Raa i ferd med å utdanne seg som besøkshundekvipasje.

Christine Raa og hunden Timina

HAR EFFEKT: Timina og matmord Christine Raa sine besøk har effekt på dei eldre, meiner leiinga ved Hafslo omsorgssenter.

Foto: Privat

– Du ser med ein gong at ho tykkjer det er kjekt. Ho legg kursen rett mot dei eldre og nyt å bli kost med, seier matmor Raa.

Dei har gjennomført kursing i besøkshundteneste gjennom Norske Terapihundskolen. Matmor har konsumert teori på høggir, og ekvipasjen har vore på kurshelgar i Bergen der dei har fått grundig opplæring.

– Timina er grundig testa for å avgjere at ho er eigna, fortel Raa.

Skal vere til glede

Målet med ein besøkshund er at han skal bidra og gje noko sosialt. For mange som bur på aldersheimar er dagane lange, og mange hugsar heller ikkje så godt som dei ein gong gjorde. Men når dei får besøk av ein firbeint venn, gjer det inntrykk.

– Hunden skal vere til glede og noko dei eldre skal sjå fram til å få besøk av. Du ser at dei lyser opp når dei har noko å sjå fram til, seier Raa.

Timina og Raa er no ferdige med kursinga, men skal fram mot eksamen 5. juni gjennomføre minst 15 praksistimar på sjukeheimar som heimeoppgåve. Ekvipasjen har allereie vore på besøk på aldersheimen på Hafslo, der dei vart mottekne med opne armar.

– Det var veldig kjekt, seier Raa.

Timina og matmord Christine Raa

SNART FERDIGUTDANNA: I løpet av våren skal Christine Raa og hunden Timina ha praksis blant dei eldste i Luster.

Foto: Privat

Ser at det har effekt

Avdelingssjukepleiar Ole Petter Veum ved aldersheimen på Hafslo seier dei ikkje var i tvil om å la ekvipasjen ha praksistimar hjå dei.

– Vi ser at dette har god effekt på dei eldre, seier Veum.

Han peikar på at mange av dei som er på aldersheimen vaks opp på gard der ein hadde hund.

– Når hunden kjem på besøk ser dei noko kjent. Og det framkallar minner og kjensler. Og det å syne omsorg for ein hund gjer noko med dei, seier Veum.

Raa har lenge tenkt på at ho ville utdanne seg sjølv og hunden til besøksekvipasje.

– Eg las om det for mange år sidan, men då hadde eg ikkje ein hund som var eigna. Men no var tida rett. Timina er veldig glad i folk, har svært godt lynne og er forsiktig. Det dumme er kanskje at vi ikkje starta før, for ho er jo allereie åtte år, seier Raa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.