NRK Meny
Normal

Sjefen skildra tiltalte som ein dyktig førar

– Han er ein dyktig førar som vi nyttar til spesialgrupper og VIP-grupper, sa den tiltalte bussføraren sin næraste sjef i det svenske busselskapet.

Bussulukke frå

DYKTIG: Den tiltalte svenske 55-åringen vert skildra som ein dyktig og rutinert bussjåfør.

Foto: Christian Blom

Trafikkleiar Per-Uno Svensson i Berkvara busselskap vitna torsdag i rettssaka mot sin tiltalte førar etter bussulukka ved Fardal i Sogn.

Han skildra ein dyktig førar, som har halde fast på si forklaring kring bussulukka ved Fardal i Sogndal. 56-åringen er tilsett i nær 100 prosent stilling i selskapet.

– Eg kjenner han ikkje så godt ettersom vi jobbar på to ulike kontor, men dei to åra eg har arbeidd i selskapet, så har han ikkje hatt skade på eller uhell med buss, sa han.

Tre samtalar

Svensson vart kalla inn som aktoratet sitt vitne i rettssaka etter ulukka som kravde to menneskeliv. Ei taiwansk kvinne omkom i den svenske turistbussen, medan ei norsk kvinne omkom i den norske rutebussen.

Føraren av den svenske turbussen, ein 55 år gamal svensk statsborgar, er tiltalt for aktlaust drap. Svensson sa han vart orientert om ulukka gjennom ein kort telefonsamtale med tiltalte.

– Det vart ein kort samtale ettersom eg måtte varsle hovudkontoret i Kalmar før dei gjekk frå jobb, fortalde trafikkleiaren.

Har halde på forklaringa

Det var då ikkje omtala særskilt kva som hadde skjedd. Dei to hadde tre samtalar i løpet av eitt kvarter. I den siste samtalen stadfesta han at ulukka hadde fått ein fatal utgang.

I den andre samtalen mellom dei to var hendingsgangen tema.

Forsvarar Geir J. Kruge

FORSVARAR: Geir J. Kruge og medhjelparen Jens Thomas Tommesen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han fortalde at han køyrde som vanleg. At han låg litt innanfor kanten. Så small det, sa trafikkleiaren på spørsmål frå aktor Anette Stegegjerdet Norberg.

– Har det i ettertid diskutert det som skjedde?

– Etter ulukka, og han kom heim, så har vi snakka om det. Han seier framleis det same. Det er berre ein ting han kunne gjort annleis. Det var å stå fem minuttar lenger på pausen dei hadde like før ulukka.

– Var ikkje hysterisk

Den tiltalte bussføraren har nekta straffskuld etter tiltalen. Han har også sagt seg sterkt usamd i dei oppmålingar og registreringar som er gjort av bussane. Forsvaret sådde onsdag tvil kring spora som ulukkesgruppa har funne frå bussane i vegbana.

Dette er tynne spor frå gummivridning på asfalten. Forsvarar Geir J. Kruge ville vite kva inntrykk trafikkleiaren hadde av den svenske føraren då han ringde.

– Han var etter forholda roleg. Ikkje hysterisk, men sjokkert, sa han og svarte bekreftande på forsvarar sitt spørsmål om 55-åringen virka rasjonell og i stand til å forklare seg.

– Rutinert og dyktig

Frå synfaring etter dødsulukka i Fardal.

SYNFARING: Retten var onsdag på synfaring på ulukkesstaden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Service-sjefen i det svenske busselskapet, Roland Rickardsson, var med på synfaring av bussen etter ulukka. Han var forsvarets andre vitne i saka. Han støtta opp om trafikksjefen si skildring av tiltalte.

Selskapet har kring 1200 tilsette og 900 bussar.

– Eg har forhørt meg, og det er ingen som seier noko anna enn at han er ein rutinert og dyktig sjåfør. Dei som ofte er utsett for uhell ser ein frå tid til annan, men eg har aldri hatt noko kontakt med han, forklarte selskapets servicesjef gjennom dei ti siste åra.

Eigne undersøkingar

Rickardsson seier dei reiste til Sogndal og Fardal fredagen etter bussulukka for å få ei eiga oppfatning av skadane og ulukkesstaden. Med på turen var også ein tysk havariutgreiar.

Han forklarte at mange medieoppslag og bilete frå rekonstruksjonen var årsaka til at dei ville reise til Sogn.

– Vi såg klart og tydeleg korleis bussane stod etter ulukka, og ut frå det såg det merkeleg ut at den svenske bussen stod så langt inn i vegen som under rekonstruksjonen. Då måtte den ha flytta seg sidelengs for å stogge der den stogga, sa han.

– Uheldig å ikkje undersøkje

På ulukkesstaden såg dei ingen spor, slik som ulukkesgruppa til Statens vegvesen har funne. Sjølv ikkje når det var tørr vegbane.

Han meiner det er uråd at bussen kan ha kome langt inn i vegbana, og stogga på kvitestripa som den gjorde.

– Mi oppfatning er at det må ha vore umogleg å styre bussen etter kollisjonen. Instrumentpanelet og rattet var så øydelagt. Personleg tykkjer eg det er uheldig at ein ikkje har undersøkt om det var teknisk mogleg å styre bussen, sa han og la til at hans eiga hypotese er at den norske bussen har svinga inn i vegbana under ei kraftig oppbremsing like før smellen.

– Kan ikkje gi fasit

Overfor aktor Stegegjerdet Norberg avkrefta Rickardsson at det var mistru til det norske vegvesenet sitt arbeid att dei reiste til Norge.

– Det var for vår eigen del. Vi gjorde ingen markeringar, men målte det som var der, sa han.

Aktor ville vite om den tyske eksperten hadde konkludert annleis enn det som har kome fram av tekniske spor. Service-sjefen sa det ikkje var gjort konklusjonar.

– Han kan som oss ikkje gi fasiten. Han er også spørjande og undrande til korleis dette kunne gå til, sa han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå