Hopp til innhold

Tiltalte fryktar å ikkje bli høyrd

Den tiltalte danske legen (47) etter dødsulukka ved Bryggja fryktar han er førehandsdømd. Han heldt fram si forklaring i dag.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

KRAFTIG SMELL: Den danske legen som er tiltalt etter dødsulukka ved Bryggja i Vågsøy i fjor, heldt torsdag fram si forklaring for retten.

Foto: Bjarne Eldevik

Den 47 år gamle legen står tiltalt for aktlaust bildrap etter ulukka der seksbarnsmora Anna Cieslak (49) omkom.

Torsdag tok legen på nytt plass i vitneboksen for å halde fram forklaringa.

– Eg har vore redd for at eg ikkje blir høyrd, og at eg er førehandsdømd, sa han.

Minst 125 km/t

Politiet meiner mannen køyrde i minst 125 km/t, var påverka av medikament under køyringa og kom over i feil køyrebane på veg frå nattevakt skjærtorsdag i fjor. Det er 80-sone på staden.

Politiet meiner mannen tok innsovningsmiddelet Zolpidem før køyreturen. Dette har mannen avvist, i. alle fall at han har gjort det bevisst

Legen. nekta straffskuld då saka starta mot han måndag Så langt går dei aller fleste forklaringane mot han.

– Det er så mange forhold, og det blir sagt mykje ulikt. I går høyrde eg at mange av dei som refererte, var forklaringar frå ein person på staden, sa legen.

Ingen vitne

Utanom legen sjølv og Marcin Szlichta, som var passasjer i den omkomne sin bil, var det ingen vitne til ulukka. Dei som har forklart seg har langt på veg basert seg på samtalar med dei overlevande i ulukka.

Frå begge sider blir det framhalde at dei heldt fartsgrensa, og at det var møtande bil som heldt høg fart og kom over i feil køyrefelt.

I tillegg fortalde ein legekollega at den tiltalte også dagar etter ulukka skildra det same som han har framhalde i retten.

– Eg er redd for at livet eg prøver å byggje opp no, skal rase saman att. For det har vore framgang. Det har det, sa han.

Tenkjer kvar dag

Det er liten tvil om at også den tiltalte har hatt ei tøff veke i Fjordane tingrett. For retten skildra han eit liv snudd på hovudet etter den tragiske ulukka 28. mars i fjor.

Den aktuelle nattevakta handsama han fire pasientar frå han kom på jobb klokka 22, til han gjekk frå jobb klokka 09. Den siste pasienten i 03.30-tida.

– Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på ulukka. Ser eg eit program på TV, så ser eg på når det er produsert. Er det før mars 2013 eller etter? Er det produsert før, så ynskjer eg meg tilbake til den gongen programmet vart laga, sa han.

– Til då eg kjende meg som eit heilt menneske og ikkje som eit halvt menneske, la han til.

– Forferdeleg tid

Mannen fekk sjølv omfattande, fysiske brotskadar i ulukka, og har vore gjennom ein lang rehabiliteringsprosess i heimlandet. Han la ikkje skjul at det også har vore ei svært tøff tid psykisk etter ulukka.

– Tida etter ulukka var forferdeleg. Eg kan ikkje seie anna, sa han.

– Det var eit sant smertehelvete. Dersom det finst eit helvete, så var det det helvete eg var i, sa han.

Tek konsultasjonar

Den danske legen var under tilsyn frå Helsetilsynet allereie då han kom til Vågsøy. Dette ifølgje han sjølv etter ein konflikt på hans tidlegare arbeidsstad. Etter ulukka vart han fråteken den norske autorisasjonen, men han har framleis dansk autorisasjon.

Etter ulukka er han no komen i gang att med legegjerninga i heimlandet. Då gjennom telefonkonsultasjonar med pasientar når han kjenner seg i form til det.

Rettssaka held fram torsdag og fredag. I ettermiddag vil sakkunnige Erik Aakre frå ingeniørfirmaet Rekon leggje fram sine analysar og vurderingar kring ulukka.