Hopp til innhold

Tiltalte for mishandling av borna sine

Eit ektepar i Sunnfjord er tiltalte for å ha mishandla borna sine og må no møte i retten.

Det dei to er tiltalte for skal ha funne stad i 2012 og 2013. Ifylgje tiltalen skal dei to ha slått, sparka, rista, knipe og dytta tre born i familien.

I tillegg er kvinna tiltalt for å ha sagt til ein tilsett i helseetaten at ho måtte vere klar over at mange ungdommar kom til å skambanke henne.

Mannen er tiltalt for å ha kome med trugsmål mot ein barnevernleiar og for å ha kalla ein annan helsetilsett for terrorist, mishandlar av barnefamiliar og diktator i kommunen. Han er også tiltalt for å ha truga ein privatperson.

Dette skjedde etter at barnevernet plasserte dei tre borna i ein annan heim.

Det er Sissel Kleiven som er aktor i saka, som kjem opp for Fjordane tingrett 19. oktober.

– Kjenner seg ikkje att

Ragnhild Cathrine Torgersen er forsvarar for mannen. Ho seier at dei to ikkje vedgår straffskuld for nokon av tiltalepunkta.

– Dei kjenner seg ikkje att i dei beskrivelsane som er gitt.

Det har teke lang tid frå dei påståtte lovbrota vart gjort og til saka kjem opp i retten, men ifylgje forsvararen ser dei to tiltalte fram til å få kome med sin versjon.

Dei ser rettssaka som ein sjanse til å få framstilt saka slik dei ser den. Det å leve med slike anklager hengande over seg er ikkje enkelt, men dei har stått det ut, og dei ser fram til å få dette handsama i rettsvesenet.