Tiltalte for gruppevaldtekt

I dag startar rettssaka mot tre menn tiltalt for gruppevaldtekt av ei kvinne i Sogn. Valdtekta skal ha skjedd i februar for eitt år sidan. Ein av mennene har vedgått å ha valdteke kvinna, men nektar for gruppevaldtekt og vald, slik politiet hevdar. Sogn og Fjordane tingrett har sett av seks dagar til rettssaka.