Hopp til innhold

Tiltalt for vald mot to sambuarar

Mannen frå Sunnfjord var valdeleg mot to sambuarar fleire gonger i fleire år, og ufin mot eit barn han er far til. No må han svare for seg i retten.

Sogn og Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen i 30-åra er tiltalt for gjentatte gonger å ha mishandla to sambuarar frå seinsommaren 2014 til vinteren 2017.

Den første sambuaren skal han ha slengt ned på senga og vridd armen hennar bak på ryggen, ifølge tiltalen. Dette skjedde hausten 2014.

Ved eit anna høve våren 2015 skal han ha slengt ho i veggen, slik at ho datt på golvet. Deretter skal han ha dratt ho i håret, og så dratt ho opp frå golvet etter genseren og kasta henne ut av kontoret, slik at ho fall på golvet att.

Ved det tredje tilfellet skal han ha tatt tak i henne rundt halsen slik at ho følte at ho vart kvelt. Kvinna knakk fleire negler i forsøket på å kome seg laus.

Under den same hendinga dytta han vekk eit barn han er far til, og som kom bort til han. Han bad også barnet halde kjeft, ifølge tiltalen.

Fekk ny sambuar – heldt fram

Mannen fekk seg ny sambuar. Frå sommaren 2015 til vinteren 2017 skal han ha utøvd vald også mot henne ei rekkje gonger.

Under ein fest sommaren 2015, skal han ifølge tiltalen ha slege henne i ansiktet og på kroppen slik at ho fall over ende og slo seg i hovudet og forstua ankelen.

To månadar seinare skal han ha løfta henne opp og kasta henne i bakken slik at ho landa på hovudet og fekk kul og kutt på høgre sida av panna. Ho skal også ha fått mindre skrubbsår på eit kne. Dette var skader ho skal ha slite med i fleire månadar etterpå.

Var nedlatande

Eit godt år etter dette skjedde det igjen. Mannen skal ifølge tiltalen ha slengt sambuaren ut av sofaen, løfta henne bort til døra der han slapp henne i golvet, samstundes som han sa at ho hadde til å dra seg ut av leilegheita.

Deretter drog han genseren av sambuaren og reiv den i stykke, ifølge tiltalen.

Same hausten utanfor eit hotell meiner politiet at han dytta henne slik at ho fall i bakken to gonger.

Politiet meiner i tiltalen at mannen i heile perioden var nedsetjande overfor kvinna, ved å kalle henne ekkel, stygg, udugeleg – og liknande.