Mannen skal mellom anna ha lete vere å føre opp inntekt på kring 1,7 millionar kroner på sjølvmeldinga. I tillegg er han tiltalt for ei rekkje andre grove økonomiske lovbrot.
Lang liste med lovbrot
Politiadvokat Terje Gjertsen seier dette er ei uvanleg sak. For det er ei lang liste med økonomiske lovbrot og grove underslag mannen i 40-åra frå Indre Sogn må svare for i retten.
Brot på likningslova
Den største summen i tiltalen finn vi i brot på likningslova, der han i tre ulike år skal ha ført opp feil i sjølvemeldinga. I 2003 skal det ha vore nesten 1,7 millionar kroner i inntekt som ikkje vart ført opp. Han skal også ha betalt kring 600.000 kroner for lite i meirverdiavgift.
Mellommann på bruktimporterte bilar
Også tre privatpersonar har meldt mannen etter at han skal ha fungert som mellommann ved kjøp av bilar frå Tyskland. Pengane frå mannen sine kundar skal då ha gått inn på hans konto, men ikkje vidare til seljar i Tyskland. Resultatet vart at enkelte ikkje fekk bilen sin, medan andre fekk ein bil som ikkje var betalt.
Manglande rekneskap
Mannen er også tiltalt for fleire brot på reknskapslova. I ein periode skal det ikkje ha vore ført rekneskap i mannens firma i det heile, og i andre periodar har det vore ført store feil.
- Spesiell sak
I tillegg må mannen også forklare kvifor han hadde ein stolen motorsykkel hjå seg. Lovbrota mannen er tiltalt for har ei strafferamme på ni års fengsel. Og saka som skal opp i Sogn tingrett den 6. desember er spesiell, seier politiadvokat Terje Gjertsen.