Hopp til innhold

Tiltalt for sex med sovande mann

Ein mann frå Sunnfjord er tiltalt for å ha forgripe seg seksuelt på ein sovande mann. Ugjerninga skal ha skjedd etter ein fest i fjor.

Det var i august i fjor mannen vart med heim til tiltalte. Mannen hadde drukke ein del alkohol, og skal ikkje ha kjent tiltalte frå før.

Heime hos den tiltalte, som er busett i Sunnfjord, skal mannen ha sovna. Morgonen etter vakna han av at tiltalte hadde oralsex med han. 

Louis Anda
Foto: NRK

Bistandsadvokat Louis Anda seier klienten hans opplevde epsioden som svært krenkande.

- Han opplever det svært krenkande at han vert offer for eit seksuelt overgrep når han søv. Han opplever det også som svært krenkande at det er ein mann som har gjort dette, seier Anda.

- Svært sjeldan sak

Mannen går i dag på vidaregåande skule, og er ifølgje Anda sterkt prega av det som skjedde. Den unge mannen valde å melde saka til politiet. Det skje ikkje ofte og Anda trur mørketala er store.

- Slike overgrep skjer, men dei fleste kvir seg for å melde hendinga.

- Eg har vore advokat i straffesaker i nærare 15 år, og eg har aldri opplevd noko liknande. At denne typen saker kjem for domstolen er svært sjeldan. 

 

Ivar Blikra
Foto: NRK

- Ingen kommentar

Advokat Ivar Blikra som forsvarer den tiltalte vil ikkje kommentere saka.

Denne type saker har ei strafferamme på seks år. Saka kjem opp for Fjordane tingrett i april.