Ein laurdagskveld i november i fjor skal den unge mannen ha sagt følgjande til jenta: "Viss du har sagt at eg har voldteke deg, så skal eg drepe deg" og deretter lagt til at "eg meiner det, og dersom du går rundt og seier sånt, så skal eg drepe deg".
Var sikta for valdtekt
Både den tiltalte og den fornærma er under 20 år. Mannen var sikta for å ha medverka til valdtekt av jenta. Denne siktinga mot han er i ettertid falle bort.
Alvorleg frykt
Men det påtalemakta ser alvorleg på, er trugsmåla, som var så grove at dei ifølgje tiltalen var eigna til å framkalle alvorleg frykt. Og politiadvokat Knut Broberg seier denne typen saker har høg prioritet i rettsvesenet.
- Denne saka dreier seg om truslar mot eit vitne i ei straffesak. Vi er avhengige av at folk vågar å stå fram for å fortelje kva dei har sett eller opplevd, så vi kan ikkje tolerere at vitne vert utsette for truslar, seier han.
Strafferamme på 10 år
Strafferamma for denne typen saker er 10 års fengsel. - Då snakkar vi om dei tilfella som er svært skjerpande, seier han.
Straffesaka skal førast i Sogn tingrett, og Louis Anda er den tiltalte sogningen sin forsvarar.