NRK Meny

Tiltalt for aktlaust drap

Ein mann i 40-åra er tiltalt for aktlaust drap etter ei båtulukke i Gulen i 2016, skriv BA. Mannen var førar av ein småbåt som køyrde på eit skjær i Kiparsundet. Far til mannen vart kasta ut av båten og omkom. Forsvararen til mannen seier til BA at hans klient ikkje erkjenner straffskuld etter tiltalen.

Ulykkesbåt Utkanfestivalen Gulen
Foto: Aleksander Åsnes / NRK