NRK Meny
Normal

Tiltalt etter knivstikking

Ein mann i 30-åra er tiltalt for grov kroppsskade etter å ha stukke ein mann med kniv i Høyanger. Hendinga fann stad i eit privathus i august i fjor.

Knivstikking i Høyanger

ÅSTADEN: Her i Sandvika utanfor Høyanger skal knivstikkinga ha funne stad.

Foto: Arve Ullebø

– Han er tiltalt for grov kroppsskade. Det er fordi han gjentekne gonger har stukke ein person med kniv. Hovudsakleg då i rygg, skulder og andlet, seier politiadvokat Malin Skeibrok Ånensen

Begge dei to involverte i knivepisoden er asylsøkjarar. Offeret ein mann i 20-årar vart etter hendinga send med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde med kuttskadar.

Saka vart i starten etterforska som drapsforsøk , men påtalemakta har valt å ikkje ta ut tiltale for dette.

– Etter ei heilheitleg vurdering har vi kome fram til han ikkje har hatt forsett om drap, seier Ånensen.

Mange vitne

Den tiltalte mannen som er frå Irak har i avhøyr vedgåttstraffskuld for knivstikking.

Mannen i 30-åra har site i varetekt heilt sidan han vart pågripen i august i fjor, og kjem til å sitje fengsla heilt fram til rettssaka. Ånensen seier dei tek sikte på å føre 10 vitne og to sakkunnige.

– Blant vitna er personar som var til stades og som budde i huset der knivstikkinga fann stad. I tillegg er det politivitne og to sakkunnige, seier Ånensen

Tiltalen har ei øvre strafferamme på 10 år. Det er sett av fem dagar til saka som startar 13. mars.

Forsvarar i saka, advokat Johan Eide, ønskjer ikkje å kommentere tiltalen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.