Hopp til innhold

Eldre bilførar tiltalt for bildrap etter ulukka der motorsyklist frå Jølster omkom

Politiet har teke ut tiltale mot ein eldre mannleg bilførar frå Bergen etter ei trafikkulukke på E39 sør for Masfjordtunnelen i Nordhordland 9. juni 2012.

Dødsulukke i Masfjorden

DØDSULUKKE: Ein 83 år gamal mann er tiltalt for aktlaust drap etter trafikkulukka ved Dyrkolbotn i Masfjorden.

Foto: Endre Hopland/Avisa Nordhordland

Den 27 år gamle Trond Haugland frå Vassenden i Jølster omkom i ulukka. Han budde i Fyllingsdalen og var på veg nordover då ein personbil som kom sørover kryssa køyrefeltet hans for å køyre inn på ein rasteplass.

Haugland greidde ikkje å bremse opp eller svinge unna, dermed trefte han bilen, vart kasta av motorsykkelen og omkom på staden.

Politijurist May-Britt Erstad i Hordaland politidistrikt stadfestar at dei har teke ut tiltale mot den 83 år gamle bilføraren for aktlaust drap, også kalla bildrap, etter paragraf 239 i vegtrafikklova.

Mannen er også tiltalt for aktlaus køyring. Tiltalen har ei strafferamme på tre år.

– Politiet meiner at tiltalte i saka køyrde i sørgåande retning og at han ved avkøyring til venstre, over motgåande køyrefelt, ikkje i tide var merksam og ikkje overheldt vikeplikta for motorsyklisten som kom i motgåande køyrefelt, seier Erstad.

Rettssak til våren

Motorsykkelen sin fart og forholda på staden blir truleg sentrale tema under rettssaka.

Erstad opplyser at saka startar i Nordhordland tingrett 26. mai. Det er sett av tre dagar til saka. Då er det nesten to år sidan ulukka skjedde.

– Generelt sett tek etterforsking av slik type saker tid. Det har i tillegg vore gjort undersøkingar som nødvendigvis ikkje blir gjort i alle saker. Det er forhold som også blir tema i den kommande hovudforhandlinga, seier Erstad og ikkje vil utdjupe desse undersøkingane nærare.

Ho ynskjer heller ikkje å kommentere kva fart politiet meiner køyretya hadde.

Ber om ny gjennomgang

Forsvarar for mannen, Helge Hansen, seier han kome med to utspel mot aktor i samband med tiltalen. Det eine gjeld den tiltalte si helse, samt at han ynskjer ei noko betre sakkunnig gjennomgang også av hendingsgangen før saka kjem opp til hovudforhandling.

Mellom anna motorsyklisten sin fart.

– Dette er eit ulukkeleg tilfelle der bilisten ikkje var merksam på trafikkbilete, og min klient er djupt ulukkeleg for det som skjedde. Samstundes søkjer han nok sterkare enn andre svar på korleis det kunne skje. Difor er det også vanskeleg for han å ta stilling til om han skal straffast for forholdet eller ikkje, seier Hansen.