Det var ei natt i midten av juli i år at den 31 år gamle kvinna og sambuaren hennar gjekk av bussen på Bryggja i Vågsøy. På morgonkvisten varsla sambuaren ambulanse. Då hadde kvinna frose i hjel.
Politiet meiner at den 37 år gamle mannen skal ha slått eller sparka kvinna i hovudet og på kroppen fleire gonger. Han påførte henne såleis store hovudskadar, og let henne liggje bevisstlaus ute i kulda i fleire timar utan å hente hjelp, slik at ho vart sterkt nedkjølt.
Kvinna døydde nokre timar seinare av hovudskadene ho hadde fått.
Mannen er no tiltalt for lekamskrenking med døden til følgje. Dette har ei strafferamme på åtte år. Statsadvokat Bjørn Stoknes reknar med at saka kjem opp i Nordfjord tingrett i byrjinga av 2004, og at hovudforhandlingane vil gå over to dagar.
Mannen har tidlegare sjølv forklart at begge var overstadig rusa denne kvelden, og at kvinna fall og slo seg. Dei sovna så i bussskuret før han prøvde å bære henne heim og tok kortaste veg gjennom skogen. Der skal dei ha sovna igjen, og då han vakna gjekk han heim og skifta klede, før han gjekk tilbake til sambuaren og såg at ho hadde behov for hjelp.
Påstand står altså mot påstand når saka kjem opp i Nordfjord tingrett på nyåret.