NRK Meny
Normal

Skuffa over tidspunktet fylkesmannen valde å varsle tilsynssak etter trippeldrapet

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) er overraska over tidspunktet Fylkesmannen valde å opne tilsynssak etter trippeldrapet i Årdal.

Arild Ingar Lægreid

ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid er kritisk til Fylkesmannen som opna tilsynssak midt i den første, tunge tida etter trippeldrapet i Årdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kommunen står midt i sorga etter at tre menneske vart drepne om bord på Valdresekspressen måndag i førre veke.

Berre to dagar etter at ein sørsudanar vart sikta for ugjerninga, varsla Fylkesmannen at dei vil granske helsetenestene til dei 150 asylsøkjarane i Årdal.

– Årdalssamfunnet har det tungt nok som det er no. Eg er litt overraska over Fylkesmannen sitt behov for å varsle tilsyn no, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

– Merkeleg og trist

Då tilsynet vart varsla i førre veke, var målet å avklare og vurdere kva helse- og omsorgstenester den sikta asylsøkjaren har fått, og kva helse- og omsorgstenester asylsøkjarane får i Årdal.

Tidlegare fylkessjukepleiar hos Fylkesmannen, Marta Finden Halset, er no ordførar i Vik. Også ho meiner tidspunktet for varselet er feil.

– Eg tykkjer Årdal er inne i ein så tung prosess, at det er merkeleg og trist at Fylkesmannen no skal prøve å finne ein syndebukk i Årdal, seier ho.

Vart varsla først

Fylkesmann Anne Karin Hamre

RETT: Fylkesmann Anne Karin Hamre forsvarar tidspunktet dei valde å varsle tilsynssak.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesmann Anne Karin Hamre presiserer at dei ikkje har fått informasjon om at Årdal kommune har gjort feil i helsetenestene dei yter til asylsøkjarane. Likevel meiner ho at tidspunktet for varselet er rett.

Tilsynet vart opna fredag og kommunen må innan 1. desember sende inn naudsynt informasjon om helsetenestene sine.

– No har vi varsla både ordførar og helse- og sosialsjef per telefon før vi offentleggjorde varselet. Det er ein viktig del av jobben vår å gjennomføre slike tilsyn når det skjer så alvorlege hendingar. I og med at dette er eit langt løp, så meiner vi det er viktig å komme raskt i gang med arbeidet, seier Hamre.

Mange spørsmål

Etter den tragiske hendinga på ekspressbussen er det blitt debatt kring lukka mottak, politiberedskap, helsetenester, uttransportering og om mottaket i Årdal vart etablert for fort.

– Det er veldig mange spørsmål og spekulasjonar. Då er det viktig å komme i gang med ei brei evaluering av hendinga, både for å finne årsaka til at dette kunne skje og hindre at det skjer igjen, seier Hamre.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast