Hopp til innhold

Tilstanden til mann (62) er framleis kritisk

Tilstanden er framleis kritisk 62-åringen som i går fall ned kring fem meter i Sogndal.

Fallulykke i Sogndal sentrum

SKADD: 62-åringen fall gjennom ei luke i gulvet under anleggsarbeid i Sogndal.

Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

Det opplyser Haukeland universitetssjukehus torsdag føremiddag.

Ulykka skjedde under arbeid på eit bygg, og mannen skal ha falle gjennom ei luke i gulvet. Mannen vart send til universitetssjukehuset i Bergen med luftambulanse.

Arbeidstilsynet skal no undersøke saka, opplyser politiet.