Hopp til innhold

Eigarane skal spare halv millard - redaktørane trur dei slepp unna

Dei tillitsvalde i lokalavisene Firda og Firdaposten er uroa over at eigarkonsernet Amedia no skal kutte ein halv milliard kroner på avisdrifta i Norge.

Yngve Årdal og Svend Arne Vee

STORE KUTT: Lokalavisene i Sunnfjord har alt vore gjennom fleire kuttrundar. Firda-redaktør Yngve Årdal og Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee trur ikkje dei blir ramma denne gongen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Svein Heggheim, journalist i Firda bylinebilete, kommentarbilete.

HÅPER DEI BLIR SPARTE: Tillitsvald for journalistane i Firda, Svein Heggheim, håper dei ikkje blir ramma.

Foto: Arne Stubhaug / arkivfoto / Firda

Tillitsvald for journalistane i Firda, Svein Heggheim, vonar i det lengste at lokalavisene her i fylket vert spart for dei store kutta i denne omgangen.

– Det er dramatisk, men vi håper i det lengste at vi ikkje blir ramma, seier han.

Store kutt

Ifølgje Klassekampen kan så mange som kvar femte tilsett i Amedia bli overtalig som ein følgje av kutt på 500 millionar. Etter det NRK kjenner til skal det kuttast 120 millionar berre no før sommaren og her i fylket kan avisene Firda og Firdaposten bli råka.

Men sjefredaktør i Firda og direktør for Firda Media, Yngve Årdal, trur ikkje dei blir direkte råka denne gongen.

– For augneblinken er det ingenting som tyder på at det får betydning for oss. I Sogn og Fjordane gjer vi det veldig bra for tida, så vi veit ikkje noko meir konkret enn det. Vi skal gå ei runde med dei tilsette og eigarane, vi satsar på å halde fram som vi pleier, seier Årdal.

Har vore omstilling legne

Firda og Firdaposten

UROA: Dei tilsette i Firda og Firdaposten er uroa over at eigarane skal kutte ein halv milliard.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Lokalavisene i Sunnfjord har alt vore gjennom fleire kuttrundar. Dette har gått ut over salsavdelingane og grafikarane, hittil har redaksjonane vore verna. Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee meiner at det har vore viktig.

– Det har vore ein omstillingsprosess ganske lenge. Både annonsørar og lesarar er på veg i digital retning. Då ville det vere rart om ikkje vi skrudde produkta våre deretter. Skal vi får råd til det, må vi kanskje kutte nokre stadar for å kunne satse andre stader.

Firda-tillitsvald Svein Heggheim tykkjer uansett det er tøft å stå midt i stormen når eigarane nok ein gong skal kutte mange millionar.

– Det er slitande på dei som jobbar i organisasjonen og det er ikkje bra.