Hopp til innhold

Tilsette er ikkje nøgde med rapporten om Helse Førde-leiinga

– Bekymringane vi har hatt er like store no som før rapporten, seier avdelingsleiar Odd Arne Standal.

Helse førde styremøte

STYREMØTE: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, og Styreleiar Agnes Landstad har fått krasse brev frå tillitsvalde og overlegar med omsyn til tilsynsrapporten om leiinga sitt styresett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein toppleiar i Helse Førde fekk kritikk for leiarstilen sin i ein rapport som vart gitt til styret for nokre veker sidan.

Rapporten skulle ta tak i uroa som har vore helseføretaket tilbake til september. Då protesterte dei tillitsvalde på den store omorganiseringa leiinga hadde sett i gang i Helse Førde.

Men no seier både tillitsvalde og avdelingsleiarar at dei ikkje kjenner seg igjen i fleire av konklusjonane rapporten kjem med.

Åtte avdelingsleiarar, dei tillitsvalde for overlegeforeininga og Yngre legars foreining har sendt reaksjonar på rapporten til Helse Førde sitt styre, skriv Firda.

Tillitsvalde er overraska

– Vi meiner det er svakheiter ved rapportens faktagrunnlag, samanhengen mellom fakta som er funne og vurderingane, både juridiske og andre, samt presentasjon for styret og vedtak om vidare oppfølging, skriv Overlegeforeininga og Yngre legars foreining i ei førebels tilbakemelding til styret.

Avdelingsleiar Odd Arne Standal seier at han opplever at bekymringane dei tilsette har hatt er like store no som før rapporten.

– Eg tykkjer rapporten spreier mistillit, for ingen står fram og seier kva som har skjedd. Vi kan ikkje seie kven som har ansvaret, og då kan vi heller ikkje gå vidare å gjere noko med det, seier avdelingsleiaren.

Han fortel at det har vore ein spesiell haust for dei som er avdelingsleiarar på Førde sentralsjukehus.

– Det har vore slitsamt det siste halvåret. Eg føler vi har bygd opp gode avdelingar her, og eg vil ikkje at det skal bli øydelagt. Det har bekymra meg, seier han.

Overlege på helse førde Odd Arne Standal

AVDELINGSLEIAR: Åtte avdelingsleiarar har skrive under på brevet til leiinga om at dei ikkje tykkjer granskingsrapporten etter konflikten om den store omorganiseringa i haust ikkje heldt mål.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Styret stiller seg bak rapporten

Avdelingsleiarar og tillitsvalde er misnøgde meg grunnlaget for granskingsrapporten.

Men eit samla styre seier det er lagt fram ein grundig og god rapport som legg eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid.

Agnes Landstad

STYRELEIAR: Agnes Landstad og styret meiner rapporten er grundig og god, og gir godt grunnlag for vidare arbeid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det seier styreleiar Agnes Landstad til NRK.

Er ikkje det eit problem at ingen av mellom leiarane er intervjua i rapporten?

– Nei, det meiner dei som har laga rapporten ikkje er eit problem. fordi dei har eit så breitt grunnlag av folk som har vore intervjua.

– Vil ikkje uroa halde fram når det er sentrale fagmiljø som føler dei ikkje er høyrt?

– Nei, det håpar eg ikkje. Eg håpar ein vil ha tillit til arbeidet som er gjort, og ikkje minst at ein kan sjå framover.

Stor jobb å få tilbake tilliten

Dei meiner at eit av dei viktige problema som er blitt peika på i denne rapporten er utfordringane i samarbeidet mellom føretaksleiinga og dei tillitsvalde.

I ei uttalane på Helse Førde sitt interne nett skriv dei at det er behov for eit omfattande arbeid for å opprette tilliten til leiinga att etter den langvarige konflikten.

– Vi ser at dette må arbeidast med framover, og her har føretaksleiinga eit særleg ansvar.