Hopp til innhold

Tilrår spleiselag for å få billegare naudnett

Fordelinga av driftsutgiftene til det nye naudnettet er så skeiv at staten bør gå inn og hjelpe dei svakaste med betalinga. Det er anbefalinga frå Direktoratet for nødkommunikasjon.

Naudnett

NYTT NAUDNETT: Det nye naudnettet har vore etterlengta og erfaringane så langt har vore svært gode. Men for små utkantkommunar vert prisane langt høgare per innbyggar enn i større sentrumskommunar. I november i fjor kunne Alarmsentralen her i Florø ta i bruk det nye naudnettet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I haust kom det fram at kostnadane for naudnett kunne vere fleire hundre kroner per innbyggar i små kommunar, medan større kommunar betalte heilt ned mot to kroner.

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) gått gjennom betalingsordninga.

Terje Brandsøy Alarmsentralen

GLAD: Dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, er oppteken av ei rettferdig kostnadsfordeling.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Frå særleg brannvesen, faglege organisasjonar og KS har presset vore stort, og i rapporten føreslår direktoratet statleg del- eller grunnfinansiering av drifta, for kundar med svak betalingsevne.

– Det er svært positivt, og det betyr at vi har nådd fram med dei signala som vi har sendt inn, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, som i haust reagerte med frustrasjon og vantru då han oppdaga dei store sprika mellom land og by i utgifter til naudnett.

Fryktar høg pris kan hindre auka bruk

DNK slår fast at det er stor aksept av abonnementsordninga, men dei anbefalar ikkje prisauke. Dei er uroa for at høgare pris kan hindre auka bruk, og dermed hindre betre beredskap. Difor tilrår dei også statleg støtte til dei som blir mest belasta.

Gunnel Helmers

TILRÅR SPLEISELAG: Informasjonssjef i DNK, Gunnel Helmers.

Foto: Pressefoto

– Det gjeld særleg kommunar og frivillig sektor, som opplever kostnadane som høge. Dette er område der vi ønskjer brei bruk av naudnett for å sikre betre beredskap. Då er vi avhengige av at brukarane faktisk vil inn, seier informasjonssjef i DNK, Gunnel Helmers.

Brandsøy er samd, og meiner det kan gå utover beredskapen når utgifter til naudnett sluker store delar av budsjettet.

– Når kostnaden for naudnettet gjerne tek ein fjerdedel av budsjettet, så begynner det å bli veldig dyrt. Om driftskostnadane blir så dyre at kommunane ikkje klarar å finansiere dei, så risikerer du nedtrapping av bruken. Det vil vere heilt feil veg å gå.

Justisdepartementet avgjer

At naudnettet er viktig er han ikkje i tvil om, og viser til dømes til ekstremvêret Tor, der dei hadde svært god erfaring. Difor er han glad for at DNK har teke innspela frå dei mindre kommunane på alvor.

Rapporten ligg no hos Justisdepartementet, og er vidaresendt til dei det gjeld for kommentarar. Deretter skal departementet ta avgjersle i saka.

– Eg håpar at signala når fram dit også. Det er viktig at politikarane våre, og KS ikkje minst, framleis held trykket oppe, sånn at dei mindre kommunane rundt om i landet blir høyrt. For det er trass alt dei som får dei høgaste kostnadane, seier Brandsøy.

Departementet vil ikkje kommentere saka fordi den er under behandling, men skriv i ein epost at dei har bede om innspel og at fristen er sett til midten av april.