NRK Meny
Normal

Vil gjere det dei kan for at Astrup skal bli film

Jølstringane vil smi medan Astrup-jarnet er varmt. Rådmann Børge Tvedt ber politikarane løyve 100 000 kroner arbeidet med ein film om kommunens store son.

Rådmann i Jølster, Børge Tvedt.

VIL STØTTE: – Eit dokudrama om Astrup vil og gje verdfull marknadsføring for regionen, meiner rådmann i Jølster, Børge Tvedt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rådmannen rår politikarane til å nytte ein halv prosent av disposisjonsfondet på kring 17 millionar kroner til forprosjektet.

– Det er både for at folk skal få moglegheit til å bli betre kjende med Astrup gjennom film, men vi tenkjer også at dette er god marknadsføring for Jølster og heile regionen, seier Børge Tvedt.

Bad om 250 000 kroner

Det er trioen Pål Øie, Karl Johan Paulsen og Einar Loftesnes som har søkt kommunen om 250 000 kroner. Dei har også bede Vestnorsk filmsenter om 249 000 kroner.

Tvedt seier det er økonomiske vurderingar som gjer at han ikkje vil imøtekome søknaden fullt ut.

Etter år med kutt, har Jølster avgrensa med kulturmidlar. Prosjektet er likevel så viktig at han ber politikarane ta midlane frå kommunen sin «tryggheitskonto».

– Eg håpar og trur at kommunen saman med filmskaparane klarer å reise kapital til forprosjektet. Vi er i god dialog med filmskaparane og vil medverke med det vi kan, seier han.

Framleis optimist

Formannskap og kommunestyre i Jølster handsamar saka i neste veke. Det same gjer Vestnorsk filmsenter.

Filmskapar Pål Øie

STOR TRU: Pål Øie er halvt jølstring, og har framleis stor tru på at filmen om Nikolai Astrup kan realiserast.

Foto: Privat

Regissør Øie har tidlegare samarbeidd med Paulsen om ein film om kunstnaren Lars Hertevig . Han er mest kjend for filmane Villmark-filmane.

Sjølv om kommunen tilrådinga frå kommunen er lågare enn dei har søkt om, er han optimist på filmprosjektet sine vegne.

– Vi får veldig mykje positive signal uansett kvar vi vender oss, og det er bra. No skal vi møtast i byrjinga av mars for å samle trådane når vi veit kva løyvingar vi har å forhalde oss til, seier han.

Fleire bruksområde

Rådmannen meiner filmen kan nyttast på fleire område, og listar opp kringkastarar og filmfestivalar i inn- og utland. Den kan også nyttast lokalt, på bibliotek, i den kulturelle skulesekken og på museum der Astrup står sterkt.

Astrup fekk stor merksemd då kunsten hans i byrjinga av månaden vart lansert internasjonalt med utstilling ved Dulwich Picture Gallery i London . Utstillinga skal vidare til Henie Onstad i Oslo og Emden Kunsthalle i Tyskland.

– Vi er inne i ei veldig positiv merksemd kring Astrup og kunsten hans, og vi tenkjer at ein dokudrama vil medverke til lanseringa og setje lys på heimstaden til Astrup og dei fantastiske omgjevnadene som er her på Jølster, seier Tvedt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.