NRK Meny

Tilrår kraftutbygging

Fylkesmannen meiner at Osen kraftverk i Høyanger kommune kan byggjast ut. Kraftverket ligg ved Nordstrandsvatnet i Lavikdalen. Utbygginga vil redusere opplevingsverdien av ein foss i området, men slukeevna i kraftverket vert såpass moderat at fossen likevel kan opplevast som eit landskapselement i lengre periodar, skriv Fylkesmannen.