NRK Meny
Normal

Tilrår felles dato for folkeavrøysting

Folkeavrøystingane om kommunesamanslåing i Sunnfjord bør haldast på same dag. Det tilrår gruppa som har greidd ut dei ulike alternativa i regionen.

Jan Øhlckers

FELLES: Jan Øhlckers meiner folkeavrøystingane bør haldas på same dag i kommunane, for å påverke utfallet minst mogleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi trur det er sannsynleg at resultatet i ein kommune kan påverke stemmegjevinga i ein anna kommune om det kjem på eit seinare tidspunkt, seier Jan Øhlckers.

Han er ein av utgreiarane som står bak rapporten om kva ulike alternativ kommunane har i Sunnfjord. Fredag vart innbyggjarundersøkinga om kommunesamanslåing presentert for ordførarane. Resultatet frå denne synte at innbyggjarane var lite interesserte i at det blir danna ein stor Sunnfjordkommune,men at innbyggjarane i indre Sunnfjord var positive til ei samanslåing mellom Førde, Naustdal, Gaular og Jølster.

Dei komande dagane er det folkemøte om arbeidet og prosessen vidare, i fleire av kommunane.

– Logisk å gjere det slik

Fredag skal ordførarar og rådmenn på ny møtast for å bestemme seg for prosessen vidare. Då skal dei også diskutere korleis innbyggjarane skal få sagt sitt. Ordførarane som NRK har vore i kontakt med har vore samde om at det er naturleg å ha ein felles dato for avrøysting.

– Eg trur det er avgjerande at vi har ein felles dato, for vi har hatt ein tett prosess heile vegen, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær.

Frida Melvær

SAMD: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, vil at innbyggjarane i alle kommunane som skal røyste på ulike samanslåingsalternativ gjer det på same dag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I nabokommunen Hyllestad har ein ikkje noko i mot ein slik tanke, men ordføraren der, Morten Askvik, meiner avrøystinga bør kome så seint som råd, og nærast mogleg eit endeleg vedtak. I Gloppen meiner ordførar Leidulf Gloppestad at det er avgjerande for resultatet å einast om ein felles dato for alle.

– Det hadde vore greitt å vite kva naboen meinte, men sånn er ikkje kvardagen. Det må gjerast slik at vi har det same dagen, det er logisk, seier Gaularordførar, Mathias Råheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.