Hopp til innhold

Tilrår Anda-Lote framfor Svarstad

Ein ny rapport tilrår at E39 i framtida skal gå via hengebru mellom Anda og Lote og veg vidare over Stigedalen til Volda.

Anda-Lote
Foto: Ottar Starheim / NRK

Rapporten er skriven av Terramar AS og Oslo Economics AS på oppdrag av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet. Denne rapporten går dermed imot tilrådinga frå Statens vegvesen, som ville ha tunnel under Utvikfjellet og brukryssing ved Svarstad i Stryn kommune.

Ein av grunnane til at dei to har kome til ulik konklusjon er at Terramar AS og Oslo Economics AS har rekna med ein analyseperiode på 40 år, vegvesenet berre 25 år.

I tillegg har dei rekna med lågare rente enn det vegvesenet la til grunn. Anda-Lote har og lågare investeringskostnad enn tunnel under Utvikfjellet og bru vidare til Svarstad.

Jenny Følling

- VEKT PÅ SAMFUNNSNYTTE: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I tråd med fleirtalet i fylkestinget

Men tilrådinga er i tråd med det fleirtalet i fylkestinget meinte når det gjeld kvar brua skal krysse Nordfjorden. Det er fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) svært glad for.

– Eg trur denne rapporten legg meir vekt på samfunnsnytten. Det var og det vi i fylkestingsfleirtalet la mest vekt på, å binde saman Eid og Gloppen.

Fylkesordførar Nils R. Sandal

- HEILT STRÅLANDE: Styreleiar Nils R. Sandal i Nordfjordkryssing AS.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Strålande!

Nils R. Sandal er styreleiar i Nordfjordkryssing AS, som arbeider for bru mellom Anda og Lote. Han er i Oslo i dag, og er svært glad for konklusjonen i rapporten om kryssinga av Nordfjorden.

– Dette er heilt strålande! Det gir oss meir optimisme i det vidare arbeidet, og det er veldig bra for det regionale samarbeidet. Vi har venta i spenning i lang tid, og vi er veldig nøgde med at konklusjonen er i tråd med dei argumenta vi har brukt.

– Kor stor vekt trur du Samferdsledepartementet vil legge på denne rapporten samanlika med tilrådinga frå Statens vegvesen om bru ved Svarstad?

– Eg har ikkje fått lese rapporten, men etter det eg forstår er han veldig grundig, og han dokumenterer veldig godt dei konklusjonane dei har kome fram til. Difor trur eg departementet kjem til å legge stor vekt på rapporten.

Marit Arnstad

- INTERESSANT: Samferdsleminister Marit Arnstad.

Foto: Hakon Mosvold Larsen / Afp

– Interessant, seier statsråden

Samferdsleminister Marit Arnstad, som deltek på ein konferanse om ferjefri E39, seier dette om at rapporten går imot vegvesenet ii tilråding når det gjeld kryssinga av Nordfjorden:

– Det er interessant at vegvesenet har eit traséval, medan den eksterne kvalitetssikraren har eit anna. Dette bidreg til å belyse saka godt for oss politikarane. Vi har enno ikkje teke stilling til kvar for eit traséval som er rett, men det vil vi gjere i løpet av dei næraste månadene.

Det står no 1-1, gjer dette arbeidet dykkar vanskelegare?

– Tvert imot så belyser det saka at det er ulike haldningar til det. Og så vil vi sjølvsagt lytte til kva dei meiner lokalt i forhold til traséval.

– Vi kjem nok tilbake til det i den nye nasjonale transportplanenen som blir lagd fram om eit halvt år.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

DEI ULIKE ALTERNATIVA: Den nye rapporten tilrår fjordkryssing mellom Anda og Lote, medan Statens vegvesen vil ha brua ved Svarstad i stryn.

Foto: Statens vegvesen