Det spissar seg til før bedriftsforsamlinga i Fjord1 i neste veke. Dei tillitsvalde i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane har ikkje tillit til styreleiar i Fjord1, Jarle Skartun. Bakgrunnen er at Skartun som styreleiar brukte den avgjerande dobbeltrøysta si mot ei samanslåing av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar då styret i Fjord1 handsama fusjonssaka i januar i år.
Har sendt brev
(Foto: NRK)
NRK veit at dei tillitsvalde no har sendt eit brev til fylkesordførar Nils R. Sandal, der dei krev at partifellen Skartun skal bli kasta. Sandal stadfestar at han har motteke brevet, men vil ikkje kommentere innhaldet. Heller ikkje dei tillitsvalde vil seie noko. Men dei har lenge ivra for ei samanslåing av dei to ferjeselskapa, fordi Florø kjem til å få fleire arbeidsplassar ved ein fusjon.
Sp skal ha styreleiaren
Styret i Fjord1 består av tre politikarar og ein tilsettrepresentant frå kvart av dei to fylka. Sogn og Fjordane har styreleiaren sidan fylket eig 60 prosent av aksjane i Fjord1. Og Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har ein avtale om at Senterpartiet skal ha styreleiaren.
Røysta i mot
Alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane er for ei samanslåing, men to av dei tre folkevalde i Fjord1-styret, senterpartipolitikar Skartun og Knut O. Aarethun frå Arbeidarpartiet, røysta begge imot fusjonen i januar.
Aarethun blir bytt ut
Knut O. Aarethun skal bytast ut. (Foto: NRK)
Før bedriftsforsamlinga i neste veke har fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet bestemt seg for å skifte ut styremedlem Knut O. Aarethun med Åshild Kjelsnes, som er for fusjonen.
Og no håpar dei tillitsvalde i Fylkesbaatane at Senterpartiet skal gjere det same som Arbeidarpartiet - å skifte ut ein fusjonsmotstandar i Fjord1-styret med ein fusjonsforkjempar.