Hopp til innhold

Tillitsvald: – Krise for Fjord1

Daniel Nedrelid som er tillitsvald for Fjord1-tilsette i Florø, er svært opprørt over at deler av styret og administrerande direktør trekkjer seg. – Eg trur vi vil ende opp i eit vakuum, utan toppleiing og styre, seier han.

Fjord1-logo på bilferja Værøy

UROA: Dei tillitsvalde trur ikkje på lovnader om at arbeidsplassane blir verande i fylket, kallar salet tragisk og er djupt uroa når styret og administrerande direktør

Foto: Ottar Starheim / NRK

I dag vart det kjent at både administrerande direktør Dagfinn Neteland, og dei aksjonærvalde styremedlemmane i Fjord1, trekkjer seg. Dei er svært kritiske til prosessen som har leiar fram til at fylkestinget vedtok å selje Fjord1.

Daniel Nedrelid er tillitsvald for 35 av dei som arbeider ved Fjord1 sitt hovudkontor i Florø, og er svært uroa over utviklinga.

– Det ser eg på som ei krise for Fjord1. Dei store omveltingane og struktureringa vi har gått gjennom det siste året er under innarbeiding og no går dei i løpet av ein månad. Eg ser på det som ei krise for selskapet, seier han.

Svært negativ til sal

Med knappast mogleg margin, 16 mot 15 stemmer, gjekk fylkestinget inn for eit sal av Fjord1 til Torghatten. Nedrelid og dei tilsette er svært kritisk til avgjerda.

– Eg synest det er tragisk. Sånn som situasjonen er på Fjord1 og det økonomiske tala dei har lagt fram, snuoperasjonen dei no har lagt fram og prognosen for dei neste tre åra. No burde fylket sett seg ned og venta på at pengane rant inn til dei.

Han synest ikkje ein pressa økonomisk situasjon for fylkeskommunen, som også har stor gjeld, er eit argument for å selje no.

– At dei ikkje har stor økonomisk kapasitet i fylket er jo ein ting, men når dei kan hente ut såpass mykje utbytte over ein treårsperiode bør jo det telje før dei går og hiv det i bosset, seier Nedrelid.

Redd for arbeidsplassane

Torghatten har signalisert både ein og to gonger at dei aktar å halde hovudkontoret til Fjord1 i Florø og halde arbeidsplassane der. Dei tilsette er ikkje overtydde.

– Nei, som eg har sagt tidlegare så er eit sånt dokument gyldig så lenge kontrakten ikkje er signert. Når dei har fått kjøpet sitt sånn det er snakk om, så er det papiret gløymd med første omstrukturering, hevdar Nedrelid.

– Kva synest du om at styret vel å trekke seg slik situasjonen er no?

– Det vil jo skape meir dramatikk, men eg forstår dei som gjer det. Det viser jo at eigar og leiing ikkje er samkøyrde. Då er det normalen at styre og leiing går. Det er vanskeleg å seie opp eigaren, seier han.