NRK Meny
Normal

Tilhengar av homofilt ekteskap vart sjikanert etter NRK-sak

Vemund Øiestad har motteke tekstmeldingar som han omtalar som grums og sjikane etter at hans syn på vigsel av homofile vart offentleg kjent.

Tekstmelding homofilt ekteskap

– GRUMS: Desse meldingane mottok Vemund Øiestad etter at det vart kjent at han var for vigsel av homofile i kyrkja

Foto: Privat

Førre veke fortalde NRK at Øiestad var den einaste Sogn og Fjordane-kandidaten til Bjørgvin Bispedømeråd som er for at kyrkja skal vie homofile. Dagen etter fekk han meldingar på telefonen.

– Det er grums og kanskje sjikane. Eg veit ikkje heilt kva eg vil kalle det. Det er fundamentalistar som kome med slikt, seier Øiestad.

Åtvarande meldingar

Til valet av nytt bispedømeråd, er Vebjørn Øiestad den einaste kandidaten frå Sogn og Fjordane som seier ja til vigsel av homofile.

Etter NRK laga sak om dette, fekk Øiestad tekstmeldingar på engelsk. Avsendaren spør om Øiestad ikkje fryktar dommen frå Gud og åtvarar om at han vil bli halden ansvarleg.

– Det går på at eg vil bli stilt til rekneskap overfor Gud fordi eg vil støtte homofile, fortel han.

Øienstad er uroa for at dei homofile får tilsvarande eller verre tilbakemeldingar på deira standpunkt.

– Eg tenke litt på om det er homofile som får liknande meldingar, då må det vere ganske tøft. Dei får sikkert meldingar som er enno verre, seier han.

– Ein viktig kamp

Sturla J. Stålsett

IKKJE HØYRT OM LIKNANDE: Leiar for Åpen Folkekirke, Sturla Stålsett, har ikkje høyrt om liknande, men er ikkje overraska.

Foto: KIRKENS BYMISJON / NTB scanpix

Leiar for Åpen Folkekirke, Sturla Stålsett, har ikkje høyrt om liknande tilfelle for andre som er tilknytt organisasjonen.

– Men vi ser i kommentarfelt og i debatten elles at den typen åtvaringar eller direkte utskjelling finn stad, fortel han.

Øiestad er tilknyta Åpen Folkekirke, og Stålset er ikkje overraska over at folk som kjempar for homofilt ekteskap får negativ merksemd.

– Det er ikkje uvanleg når ein står for eit nytt syn eller ei forandring av tradisjonelle syn på dette feltet. Det kjenner vi til frå kampen for kvinnelege prestar. Det er ein viktig kamp ein står i og då vekker det motstand, seier leiaren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser