Hopp til innhold

Tildelt kunstnarstipend for andre gong

Kent Fonn Skåre frå Førde er ein av åtte kunstnarar frå fylket som har kome gjennom nålauget til Kulturrådet.

"Push/pull"

Push/Pull Concrete, 50 x 100 x 50 cm, 2013.

Foto: Kent Fonn Skåre / kentskare.com

– Eg kjenner meg heldig som har fått kunstnarstipend for andre gong, seier Skåre.

Statens kunstnarstipend for 2015 er tildelt 894 kunstnarar. Kun 11 % av dei som søker får tildelt stipend, og det er i år åtte kunstnarar frå fylket som har fått stipend i ulike kategoriar og prisklassar.

Skåre får 60.000 kroner i det som heiter diversestipend. Han er utdanna frå Kunskolen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, samt Konstfack i Stockholm, og har ei rekke utstillingar og prosjekt bak seg.

– Eg driv hovudsakeleg med rommelege objekt, skulpturar og installasjonar, ofte med utgangspunkt i arkitektur.

I tillegg driv han med foto og film, og driv kunstbokforlaget Gruppepress.

– Stipendet kjem veldig godt med, då eg har mange planar til hausten. Eg skal på kunstnarresidens både i Dale og Taiwan, fortel Skåre.

Installasjon av Kent Fonn Skåre

Installation i Tollbodallmeningen 39, Bergen, 2014

Foto: Kent Fonn Skåre / http://kentskare.com/

Sjølv om kunstnarar i Sogn og Fjordane får tildelt få stipend samanlikna med dei andre fylka, er innvilgingsprosenten høg; av 47 søknader frå fylket vart 17 % innvilga, den høgaste prosenten i landet.

Dette er dei som fekk tildelt stipend i år, av dei som er registrerte i fylket:

  • Runhild Hundeide - diversestipend, biletkunstnarar - 60.000 kroner
  • Marius Moldvær - diversestipend, biletkunstnarar - 60.000 kroner
  • Kent Fonn Skåre - diversestipend, biletkunstnarar - 60.000 kroner
  • Kirsten Skov Bjerre - diversestipend for nyutdanna kunstnarar, biletkunstnarar - 90.000 kroner
  • Siw Anita Kirketeig - diversestipend for nyutdanna kunstnarar, biletkunstnarar - 60.000 kroner
  • Synnøve Bjørset - diversestipend, musikarar - 20.000 kroner
  • Øystein Vidnes - diversestipend, skjønnlitterære omsetjarar - 40.000 kroner
  • Eirik Halse - diversestipend for nyutdanna kunstnarar, filmkunstnarar - 60.000 kroner

I tillegg kjem kunstnarar som har sitt opphav i fylket, men som er busette i andre fylke.