Hopp til innhold

Tilbyr hus og jobb til flyktningar

OPPSTRYN (NRK): Kårhuset på garden Folven i Oppstryn har seks soverom og kan huse 10 flyktningar. Dei som eventuelt flyttar inn vil få tilbod om jobb på garden.

Ingolf Folven

Ingolf Folven og Margaret Skåre ønskjer å leige ut kårhuset på garden til flyktningar. Her er dei på eitt av dei seks soveromma i huset.

Foto: Bård Siem / NRK

Trehuset frå 1950-talet er rommeleg og funksjonelt. Første etasje inneheld ei stor stove, kjøken og bad. Går ein trappa opp er det seks soverom i ulik storleik.

Opp mot 10 flyktningar kan få tilhald i huset dersom Stryn kommune seier ja til ekteparet Margaret Skåre og Ingolv Folven sitt tilbod. Flyktningkrisa i Syria gjer at ekteparet i 60-åra har lyst å bidra i den store dugnaden.

– Det var fem born, foreldre og besteforeldre som budde her, seier Folven.

Margaret Skåre

GOD PLASS: Margaret Skåre inne på eit soveromma i huset. Her kan det til dømes bu to born, seier ho.

Foto: Bård Siem / NRK

Håper på storfamilie

Kona Margaret Skåre håper ein storfamilie vil slå seg til i huset.

– Gardstunet ligg eit godt stykke unna hovudvegen og er ein trygg stad for born å vekse opp. Skulen og barnehagen i bygda har god plass. Det hadde difor vore supert om ein familie med mange born vil kome hit. Huset er så stort at det også er plass til tre generasjonar, seier ho.

Avventande ordførar

Høgre-ordførar i Stryn, Sven Flo, fortel at Stryn har busett om lag 30 flyktningar årleg dei siste åra og at erfaringane har vore gode.

Han rosar initiativet frå ekteparet i Oppstryn, men sjølv med den akutte flyktningkrisa som bakteppe, kan han ikkje love at det vil kome flyktningar til garden.

Sven Flo

AVVENTANDE: Høgre-ordførar i Stryn, Sven Flo, kan ikkje love at han vil seie ja til endå fleire flyktningar i Stryn. Dermed er det usikkert om det vil kome flyktningar til garden Folven i Oppstryn.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Kommunen har det overordna ansvaret. Det er vi som skal levere barnehageplassar, skuleplassar, helsetilbod, språkopplæring, transport og alt det som følgjer med. Vi må difor sjå på dette i eit heilskapsperspektiv, seier Flo.

Fylkesmannen jobbar no med ei kartlegging av alle moglege innkvarteringsplassar for flyktningar.

Oppmodar alle om å opne dørene

Om lag 5000 flyktningar med bustadløyve bur på asylmottak og ventar på å få flytte ut i kommunane.

– Ved å skaffe husrom til desse vil det bli frigjort plass til flyktningar frå Syria, seier Folven.

Folven oppmodar andre gardbrukarar som har ledige hus om å ta imot flyktningar.

– Det er ikkje tvil om at det står mange tomme hus kring om. Kanskje treng vi eit spark på leggen for å tenkje nytt. Det er eit luksusproblem å sitje med eit fullt bebueleg hus som kanskje ikkje er i bruk meir enn eit par veker i året. Då er det betre å leige det ut til flyktningar, seier han.

Margaret Skåre og Ingolf Folven framfor kårhuset dei ønskjer å leige ut til flyktningar.

KÅRHUSET: Margaret Skåre og Ingolf Folven framfor kårhuset dei ønskjer å leige ut til flyktningar. Det er også 125 mjølkegeiter og 90 vinterfôra sauer på garden, og dei som eventuelt flyttar inn vil få tilbod om jobb på garden.

Foto: Bård Siem / NRK

Fryktar ikkje kulturkonflikt

Ekteparet fryktar ikkje kulturkonfliktar med ein flyktningfamilie i tunet.

– Eg trur på eit veldig godt samhald der vi utvekslar erfaringar med kvarandre. Vi treng meir arbeidskraft i fjøsen, så her vil flyktningane også få tilbod om jobb, seier Margaret.

Folven forventar at politikarane i Stryn seier ja til å ta imot fleire flyktningar.

– Ein må gjere noko for at folk ikkje blir sitjande årevis passive i eit asylmottak. Alle må ta sin del av dugnaden, seier Folven.