Hopp til innhold

Sogndal stiller gjerne tomt til eit nytt lokalmedisinsk senter

Politikarane i Sogndal gir ikkje opp tanken på at eit eventuelt lokalmedisinsk senter i Indre Sogn kan lokaliserast i Sogndal - i staden for Lærdal.

Sogndal sentrum

NYTT TYNGDEPUNKT? Fleirtalet i Sogndal formannskap meiner Sogndal vil vere ein natuleg lokaliseringspass for framtidige helsetenester i Indre Sogn.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lærdal sjukehus

LÆRDAL: Dagens lokalsjukehus i Lærdal.

Foto: unknown / NRK
Indre Sogn Psykiatrisenter

SOGNDAL: Sogn psykiatrisenter. Her ved dette bygget har politikarane i Sogndal regulert området for meir helse-bygningsmasse, om nødvendig.

Foto: Arne Eithun

I si høyringsuttale til Helse Førdes omlegging av sjukehusstrukturen, peikar formannskapet i Sogndal på at det i arealplanen for kommunen er sett av av areal til helseføremål.

Tek gjerne over for Lærdal

– Dersom Helse Førde ønskjer å etablere utvida aktivitet i Sogndal, vil kommunen leggje til rette for dette, heiter det i uttalen.

Det vakte rabalder då Helse Førde i sitt framlegg i februar opna for å vurdere Sogndal som framtidig lokaliseringsstad, i staden for Lærdal. Styreleiar Clara Øberg avviste det heile som ein dokument-glipp, og gjorde det klart at det berre er Lærdal som i all overskueleg framtid er aktuell som vertskapskommune.

– Her har ein bygningsmassen i dagens lokalsjukehus, og Helse Førde har ikkje pengar til nybygg i Sogndal, fastslo styreleiaren.

Men dei folkevalde i Sogndal ser altså framleis føre seg å kunne overta som «helsehovudstad» i Indre Sogn:

– Sogndal ein naturleg stad

– Sogndal kommune meiner at det framover vil vere behov for helsetenester i sjiktet mellom kommunehelsetenesta og sentralsjukehustenester, spesielt knytt til eit aukande tal eldre med samansette lidingar og livsstilsjukdomar. Desse gruppene vil trenge sjukehustenester, og kan med fordel få eit tilbod innanfor lokalsjukehus med endra oppgåver. Funksjonar der det er viktig med nærleik til tensetene, vil vere naturleg å bygge opp for eit meir avgrensa geografisk område. Sogndal vil vere ein naturleg lokalisering for slike tenester, heiter det i uttalen.

Sogndal kommune understrekar at fylket treng eit sterkt sentralsjukehus, men også ei form for lokalsjukehus som minimum har indremedisinsk sengepost. Ein vektlegg derimot ikkje akutt- og fødetilbod.

Framlegget til høyringsuttale var utarbeidd av partia Ap, SV, Sp og KrF, og fekk seks røyster. Eit fellesframlegg frå Høgre og Frp fekk tre røyster og fall.