Hopp til innhold

Tilbyr gratis ferieveke

Gjennom organisasjonen Blå Kors gir Førde Camping vekk ei gratis ferieveke. Ifølgje Firda er dei ein av 25 campingplassar i heile Noreg som no tilbyr gratis overnatting til ein familie som ikkje har moglegheit til å betale for ferien sin sjølv. Prosjektet har fått namnet «Hjarterom». Tanken er at barnefamiliar skal få ein ferie i sommar, sjølv om dei har økonomiske vanskar. – Vi sponsar ei vekes opphald i ei hytte på Førde Gjestehus og Camping. Blå Kors bookar inn ein familie som treng denne opplevinga no i fellesferien, seier dagleg leiar Bjørn Inge Geithus til avisa. Vidare seier han: – Vi er ikkje laga av stål nokon av oss. Det er viktig med bevisstheit rundt dette, for ein veit aldri om ein plutseleg står i ein liknande situasjon sjølv.

Bjørn Inge Geithus
Foto: Wibecke Bruland / NRK