NRK Meny
Normal

Tilbake i sjefsstolen han forlet for nær eit år sidan

Dagfinn Neteland blir på ny administrerande direktør i Fjord1. Det skjer elleve månader etter at han forlot den same stillinga.

Dagfinn Neteland

TILBAKE I FJORD1: Tidlegare toppsjef Dagfinn Neteland er tilbake i Fjord1.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

For nesten eit år sidan trakk Dagfinn Neteland seg som toppsjef i Fjord1, men fredag vart det klart at 56-åringen er tilbake i sjefsstolen i ferjeselskapet.

Då Neteland trakk seg var det i protest mot at Sogn og Fjordane fylkeskommune ville selje selskapet til Torghatten. Det kjøpet blei stoppa av Konkurransetilsynet som meinte at eit slikt sal ville øydelegge konkurransen i ferjemarknaden.

– Både eg og styret sa klart ifrå kva vi meinte om saka den gongen, og dette er ikkje noko personleg for meg eller dei. Eg er ferdig med den saka no, seier Neteland.

– Har tillit til eigaren

Per Sævik

REIAR: Per Sævik er ny eigar i Fjord1. Det var viktig for Dagfinn Neteland.

Foto: Torill Øvrelid / NRK

Tidlegare denne månaden blei Fjord1 kjøpt av reiaren Per Sævik sitt selskap Havila, og no er Neteland tilbake i selskapet. Han tiltrer som ny sjef så snart som mogleg. Det er tre grunnar til at Neteland no ville tilbake.

– For det første er det eit utruleg spennande selskap med utviklingsmoglegheiter i det grøne skiftet, som eg har lyst til å vere med på. Punkt nummer to er at det er ein fantastisk organisasjon med mange dyktige medarbeidarar. Det tredje er at vi har ein eigar eg har veldig tillit til, fortel han.

Fjord1 er eit av dei største transportselskapa i Noreg og Havila eig no 67 prosent av selskapet.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen