Hopp til innhold

Tilbake til kvardagen for VM-vinnaren

I helga tok Mona Brede Aase frå Førde gull under VM i kettlebell i California. I dag var ho tilbake i kassen på Coop Mega.

Mona Brede Aase

GRATULASJONAR: Mange nytta sjansen til å gi den nybakte verdsmeisteren ein god gratulasjonsklem

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det var svært spanande. Mykje nervar, men veldig gøy, seier den nybakte gullvinnaren.

Mona Brede Aase fekk gull i klassen +73 kg i øvinga "long cycle". På ti minuttar løfta ho to 24 kilo tunge kuler 48 gonger over hovudet.

Ein prestasjon for Førde-jenta som berre har halde på med idretten i litt over eitt år.

– Først vart eg litt skuffa fordi eg hadde sett meg eit mål på 50. Eg var ikkje klar over at eg hadde slått dei andre før på sjølve premieutdelinga. Så det var veldig spanande, seier Brede Aase.

Attende i kvardagen

Mona Brede Aase

KAKEFEST: VM-gullet vart feira med kake på jobben.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Tilbake i Førde er den nybakte verdsmeisteren å finne i kassa på Coop Mega. Der vart gullet markert med kake på jobben.

– Det var veldig kjekt å kome tilbake på jobb, seier Brede Aase.

– Har kundane som har kome til deg vore klar over at det er ein verdsmeister som sit i kassa?

– Eg har fått mange gratulasjonar, seier Brede Aase.

Mona Brede Aase og Trine Ryland

I NRK-STUDIO: Gullvinnaren Mona Brede Aase og veninna Trine Ryland, som måtte sjå VM frå sidelina denne gongen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Måtte sjå VM frå sidelina

Like heldig var ikkje veninna Trine Ryland som også var med til California. Ho kunne også tatt medalje under VM i kettlebell, men skadar og sjukdom øydela oppladinga.

– Før jul så skada eg foten og når den var bra igjen, så trudde dei at eg hadde blindtarmbetennelse. Då dei opererte fann dei ut at den ikkje var betent, men fjerna den likevel. Dermed så vart det ikkje noko trening på meg på ei stund, seier Ryland.

– Elles så hadde du vore med i meisterskapen?

– Då hadde eg vore med. Målet hadde vore 100 repetisjonar med to gonger 16 kilo, noko som hadde halde til medaljeplass.

– Kva tenker du no i ettertid?

– Det er litt kjipt når eg veit at eg hadde fått medalje dersom eg hadde delteke. Men det kjem fleire VM, seier Ryland.

Heia på veninna

I staden for å delta vart Ryland med til California for å heie på veninna.

– Det var veldig spanande. Mona såg veldig sterk ut, og eg heia på så godt eg kunne, seier Ryland.

– Og Mona høyrde du heiaropa til Trine?

– Det gjorde eg, og det hjelper veldig når nokon skrik og pushar meg vidare, seier Brede Aase.