NRK Meny
Normal

Tilbake med ny musikk etter lang pause

For to år sidan var Iselin Solheim frå Naustdal blant dei mest spelte på norsk radio. Ho fekk ein kjempeopptur med store opplevingar. Men så stoppa det opp og ho mista lysten til å drive med musikk.

Iselin Solheim

VURDERTE Å GI OPP MUSIKKEN: Iselin Solheim frå Naustdal er tilbake med ny singel.

Foto: Pressefoto

– Det blei mykje rundt den første låten, eg veit ikkje om eg byrja å stresse eller kva det var, men plutseleg så gløymde eg å kose meg med musikken, og kjende meir på at no må eg levere noko.

Brått skjedde alt for Iselin Solheim frå Naustdal. Det vart konsertar og spennande oppdrag, og mykje merksemd. Men så vart det heilt stille.

– Eg vart kanskje litt skremd. Eg såg bransjen på ein annan måte, men det er berre eg sjølv som har lagt press på meg sjølv, og ruska det til for meg sjølv.

Artistlivet ikkje heilt som i draumen

For plutseleg var det ikkje slik som då ho sat heime på jenterommet og dagdrøymde.

– Eg kjenner det er litt vanskeleg å snakka om det, for det har vore eit vanskeleg år.

– Kor nær var du å gi opp?

– Eg gjekk heile tida å tenkte at no orkar eg ikkje meir, men samstundes er eg så glad i musikken at eg aldri hadde klart å gi slepp på det.

Men så etter ein lengre periode utan lyst til å jobbe med musikk, snudde det for Iselin.

– Det var veldig fint. Det var vel i fjor vår byrja det å lysne litt og eg hadde fått tatt meg ein pause.

Såg lyset på USA-tur

Iselin Solheim reiste til Los Angeles, og reiste også ein del rundt i USA. For Iselin gjorde den turen godt, ho fekk sett seg sjølv Norge litt utanfrå.

– Medan eg var der så byrja eg å tenke at no skal eg køyre på og ikkje bry meg om jantelov og slikt

Etter ein lengre pause har ho no funne att gnisten. Den nye singelen hennar vart denne veka spelelista på NRK P1 noko som betyr at den frå 17. mai blir ei av dei meste spelte låtane i Norge.

Vegopning på Bergum i Førde kommune