NRK Meny
Normal

Tilbake i normal rute på Lavik-Oppedal

Ein naudbrannpumpe som ikkje vil starte førte laurdag føremiddag til færre avgangar på E39-sambandet.

Batterifergen Ampere

UTFART: Mange på Vestlandet avsluttar haustferien søndag, og Norled håpar Ampere skal vere tilbake i drift innan kort tid.

Foto: Norled

Klokka 12.50 melder Norled at drifta på ferjesambandet er tilbake til normalen.

– Vi kan ikkje bruke båten utan at pumpa startar, men det er ikkje noko dramatikk i det. Vi har fått lovnad om at servicepersonell vil vere på plass innan ein time, seier regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker til NRK klokka 10.

Ferjeselskapet er budde på at det er mange som skal ta turen over fjorden i løpet av dagen, då det er siste dag i haustferien for mange på Vestlandet. Etter planen skal fire ferjer trafikkere sambandet frå ettermiddagen, men det er uklart når Ampere er klar for drift.

– Vi håpar å få den rask i gang igjen, men det vil uansett vere tre ferjer på sambandet i ettermiddag, om reparasjonen er omfattande, seier Utåker.