Hopp til innhold

Flo vil gjerne bidra til Sogndal-suksess i haust

Sogn og Fjordane si største fotballstjerne gjennom tidene, Tore André Flo, var tilbake i Sogndal-drakta tysdag kveld. No vil han gjerne bidra til at laget held seg i eliteserien.

Tore André Flo for Sogndal

OPNAR FOR MEIR: Tore André Flo vil gjerne bidra til poeng for Sogndal utover hausten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

38-åringen frå Stryn skal bu i Sogndal saman med kona Randi og ungane dei neste to månadane. Dei har fått barnehageplass til dei minste, og alt tyder på at familien vel å flytte frå London til Sogndal.

Spelte ein omgang

Tysdag stilte Tore André i Sogndal-drakt for første gong sidan 1994. Han spelte ein omgang då laget frå saftbygda møtte 2. divisjonslaget Førde til treningskamp på Osen stadion i Bygstad. Sjølv føler Flo at re-debuten som Sogndal-spelar gjekk nokonlunde greitt.

– Det var kjekt, men sjølvsagt tungt. Det er eigentleg ganske utrule å tenkje på at eg var med her i dag. Når eg først er her, så er eg jo veldig glad for at eg fekk spele, seier Flo til NRK.

Prøve-bur i Sogndal

Etter mange år som proff i England, Skottland og Italia, med tusenvis av elleville fans på tribunane, var det ein brå overgang til 350 betalande i den vesle bygda Bygstad. Men for Tore André Flo er dette noko av sjarmen med å koma heim til Sogn og Fjordane.

– Vi vurderer å flytte, men vi har ikkje heilt bestemt oss. Vi skal bu i Sogndal eit par månader no først. Blir eg her, så blir eg no med og trenar. Kan ikkje vente meir enn det, får sjå korleis kroppen tar det og korleis formen blir, sa ein glisande og godt nøgd Flo i pausen i treningskampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore André Flo

GODT NØGD: Tore André spelte 45 minutt for Sogndal i treningskamp mot Førde tysdag kveld.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vil ha speleminuttar

For det heldt lenge med ein omgang for Tore André mot Førde. Etter 45 minutt var det godt å setje seg på benken og ta att pusten. Førebels er det heilt uaktuelt å stille frå start og spele heile kampar for A-laget til Sogndal.

– Kor mykje eg kan bidra med utpå der framover, det får eg no sjå. Kanskje meir siste få minuttane i ein kamp eg kan bidra med noko. Det får bli opp til trenaren og det får vi sjå etterkvart, seier Flo.

Kan vere med som trenar

Han reknar med at dersom han ikkje kan bidra ute på bana så mykje, så er det aktuelt å delta på trenarsida i Sogndal.

– Eg har no ein del erfaring med dette fotballivet. Eg har drive på i veldig mange år i større klubbar og har teke litt trenarutdanning. Så vonaleg kan eg bidra med litt utanfor bana, om eg ikkje kan spele, konkluderer helten frå VM i 1998.

Sogndal vann forøvrig treningskampen 2-1, etter mål av Espen Olsen og Ulrik Flo, melder haugenfotball.no