I vakker kveldssol kunne Myrvang nyte den flotte utsikta utover Lustrafjorden og bygdene kring. Det spesielle var at han og ein kamerat hadde tatt seg til topps med sykkel.
– Endeleg kom sommaren. Fjelltoppane kan erobrast med sykkel, og skia kan få kvile nokre månader, seier Myrvang.
Laut bere
Han innrømmer at det var uråd å sykle heile vegen opp. Nesten halve vegen laut framkomstmiddelet berast. Likevel tok det ikkje stort meir enn femti minutt før den gule leiarskjorta kom til syne ved toppvarden på Molden. Men ned att gjekk det lettare – trass den bratte og kronglete stien var han knapt av setet.
Oppleving
Myrvang er aktiv syklist, og ser det som viktig å få variasjon i kvar han syklar. Og stort meir variasjon enn ein slik tur er truleg vanskeleg å finne.
– Men turen opp på Molden var like mykje oppleving som trening, seier Myrvang.