Hopp til innhold

Til topps med jernkuler

For nokre månader sidan hadde Beate Kårstad Støfring aldri prøvd kettlebell. Laurdag sette ho skandinavisk rekord i den raskt veksande sporten.

Beate Kårstad Støfring på Valhalla Open

TO JØLSTRINGAR PÅ PALLEN: Beate Kårstad Støfring vann sin klasse mens Therese Sivertsen tok andreplassen. Danske Dorthe Rosantus tok tredjeplassen.

Foto: Privat

– Det var veldig tungt og intenst. Men det gjekk fint til slutt. Eg er veldig fornøgd med dagens innsats, seier 22-åringen frå Jølster.

Nøgd bør ho kanskje vere når ho under Valhalla Open i Oslo sette ny skandinavisk rekord for sin klasse.

Fekk prøve seg før jul

Treningsforma kettlebell, der ein trenar styrke og uthald ved å løfte på ei eller to spesielle jernkuler, har tatt norske treningsstudio med storm. No er det også blitt ein sport.

KETTLEBELL

TUNGE: Ei kettlebell-kule er mellom 16 og 32 kg.

Foto: Kristiane Aateigen

– Den er vel ikkje blant dei store, men det er ein raskt veksande sport, seier Støfring som sjølv vart introdusert for fenomenet så seint som nett før jul i fjor.

– Det kom ein trenar over til Jølster treningssenter frå Austlandet før jul. Han spurte om vi ville prøve kettlebells. I starten vart det ein slags vekas utfordring. Så vart det meir og meir, seier Støfring til NRK.

Det skulle raskt vise seg at ho og sambygdingen Therese Sivertsen hadde talent for sporten.

– No blir kalla «gærningane» frå vest, ler 22-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Valhalla Open i kettlebells

INTENS IDRETT: Beate Kårstad Støfring (t.h.) i aksjon under Valhalla Open i Oslo laurdag. Utøvarane skal ha flest mogleg løft med to kuler i løpet av 10 minutt.

Foto: Privat

2 x 20 kg i 10 minutt

Laurdag konkurrerte dei begge i vektklassen for damer på 70 kg minus.

– Du har forskjellige øvingar du konkurrerer i. Vi konkurrerer noko som ein kallar long cycle. Då skal ein løfte to kuler. Først opp i hoftehøgd, deretter opp over hovudet i ei lang rørsle.

Susanne Viken

KREV STYRKE: Slik kan ein trene kettlebell. Illustrasjonsfoto

Foto: Sanne Lier/NRK

Med to kuler på 20 kg kvar rakk Støfring 68 repetisjonar på ti minutt. Det heldt til førsteplass og ny skandinavisk rekord i sin vektklasse.

Treningsvenninna Therese Sivertsen (33) tok andreplassen med 55 repetisjonar, mens danske Dorthe kom på tredjeplass.

(Artikkelen held fram under videoen)

Foto: Hildegun Støfring

I AKSJON: Masina i framgrunnen som tel kor mange repetisjonar Beate gjer er øydelagt. Foto: Thea Støfring

Siktar mot verdsrekord

– Kvifor kettlebells?

– Det gir meg veldig mykje. Det går mykje på det mentale. For å gjennomføre det må ein vere skjerpa, svarer den nybakte skandinaviske rekordhaldaren.

Sunnfjordingen som til dagleg jobbar som assistent ved Vassenden skule og personleg trenar på Puls Førde har alt sett seg ut neste mål.

– Det må bli å ta verdsrekorden i 2x24 kg.