Hopp til innhold

Har berre så vidt vore heime i vinter - så sikra dei seg gull og sølv i hovudlandsrennet

To unge sundfjordingar vann i dag gull i hovudlandsrennet i Super-G. For å klare dette har dei måtta reise langt og bruke mykje tid og pengar på å finne snø.

Johannes Betten (t.v.) og Andreas Strand.

MEDALJEVINNARANE: Johannes Betten (t.v.) og Andreas Strand.

Foto: Privat

15-åringane Andreas Strand (Jølster) og Johannes Betten (Førde) sikra i dag gull og sølv i Super-G under Hovudlandsrennet på Oppdal.

– Det er ganske sjukt! Eg såg ikkje førsteplassen kome med eit sekund. Det var uventa. Det er supert, det var ei veldig god kjensle, seier gullvinnar Andreas Strand.

(Sjå video av talenta lenger nede)

Fire veker på treningstur

Det har vore ein ekstremt snøfattig vinter i Sogn og Fjordane. For å få nok trening har dei to unggutane vore fire veker i strekk på Hafjell for å trene.

– Dei har vore nøydde til det for å få nok trening på snø. Vi har auka mengda snødagar jamt dei siste åra, seier lagleiar på Oppdal og far til Johannes, Olav Betten.

Det er naudsynt i ein ungdomsidrett som vert meir og meir spesialisert og stadig spissar seg til, seier Olav Betten.

– Og så lenge dei er dedikerte og har det moro vil vi fortsette å auke gradvis. For det er viktig å ikkje ta ut potensialet for tidleg.

På hausten vil dei to unge medaljevinnarane auke treningsmengda enno meir. Då byrjar begge på Oppdal skigymnas. Men førebels har dei vore avhengige av godt samarbeid med ungdomsskulen her heime.

– Skulen har vore fantastiske denne vinteren. Vi har eit godt samarbeid og skulen har lagt godt til rette ved å gje dei fri for å trene. Dei har berre vore heime nokre få dagar for å ta prøvar og tentamenar, seier Betten.

Første siger til Sogn og Fjordane på lenge

Hovudlandsrennet er uoffisielt NM for yngre årsklassar, med dei beste frå heile landet inkludert. Gull og sølv til dei to unggutane i denne klassen er dei beste resultata frå fylket på veldig mange år.

– Det er historisk med gull og sølv til fylket i same disiplin, seier administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Yngve Thorsen.

Han sparar ikkje på godorda.

– Det er ein vanvittig sterk prestasjon. Den vert ekstra spesiell og knallsterk når vi tenker på vêret vi har hatt her heime. Dei er to utruleg dedikerte utøvarar, som har jobba hardt over mange år.

(Artikkelen held fram under videoen)

Andrine Mårstøl, Andreas Strand og
Johannes Betten er tre store skitalent her i fylket som har store planer for framtida.

PÅ TRENING: Video av alpinttalenta si trening frå tidlegare i vinter.

Kan vere meir i vente

Trass i ein vinnarmargin på rundt eitt sekund, meiner Andreas Strand han hadde meir å gå på.

– Eg tykkjer eg køyrde litt rotete øvst, men i dei bratte partia nedst gjekk det veldig bra, seier han.

Sølvvinnar Johannes Betten deppar ikkje over at treningskameraten slo han.

– Andreplass er bra. Det er ikkje ille å verte slått når Andreas er den som vinn. Det er greitt. Løpet mitt var ganske greitt. Eg sleit litt i henget, der var det slagete. Men det gjekk fint, seier Betten.

Dei to medaljevinnarane har begge trent alpint sidan dei var seks år gamle, og har store ambisjonar innan sporten. Begge beherskar alle greiner. Men medan Strand føretrekker slalåm, likar Betten seg best fartsdisiplinane Utfor og Super-G. Og til hausten byrjar dei på skigymnas.

Dei to talenta kjem ikkje til å ta av i kveld.

– Eg veit ikkje om det vert noko feiring i kveld. Vi må dra tilbake til hytta og lade opp til i morgon. Så får vi heller gjere noko gøy når vi er ferdig med heile "Hovudlandsen", seier Betten.

I morgon står nemleg storslalåm på programmet, og då går talenta for medalje igjen.

– Ja, vi håpar sjølvsagt på det, seier Betten.