Til sommaren vil denne forsvinne

Torsheimhunden har vekt stor engasjement i Førde. Den populære hunden i Førde sentrum har til og med fått si eiga facebookgruppe, men før sommaren vil den altså forsvinne.

Torsheim hunden

FORSVINN TIL SOMMAREN: Torsheimhunden på utsida av Sogn og Fjordane kunstmuseum har blitt svært populær blant publikum, men til sommaren er det slutt.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er ikkje med glede vi tek den ned, så vi skal hygge oss med den så lenge vi kan!

Det seier museumsdirektør Morten Johan Svendsen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Må takke for seg

Det var i høve Oddvar Torsheim sin 75 års dag i november i fjor at kommunen gav kunstnaren ei jubileumsutstilling i gåve. I samband med utstillinga søkte kunstmuseet om å sette opp hunden på fasaden.

I ettertid har hunden vekt stort engasjement. Facebookgruppa "Lat bikkja stå i fred" har hatt over to tusen medlem, og kjempa hardt for å behalde den folkekjære Torsheimhunden. Utstillinga var ferdig 23 februar 2014, og før sommaren må også hunden takke for seg.

Morten Johan Svendsen
Foto: Idun Fivelstad / NRK

Ifølgje Svendsen er det vanleg for kunstmuseum å reklamere for utstillingane på utsida av, og at dette er noko ein ynskjer å gjere også ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.

– Det er viktig å huske at hunden ikkje er eit kunstverk, det er ein reklameplakat for ei utstilling. No er utstillinga over, og då er det naturleg å skifte den ut, seier Svendsen

Vanskeleg å erstatte

Svendsen seier han er glad hunden har vakt så mykje engasjement og glede i publikum, og trur det blir vanskeleg å erstatte den populære hunden. Likevel håpar han at andre prosjekt kan skape like mykje engasjement blant publikum.

– Det blir ikkje lett, den har vore super. Men kanskje kan framtidige prosjekt også sette farge på Førde, skape identitet og like mykje glede som Torsheimhunden har gjort, seier Svendsen

Han håpar tilhengarane av hunden forstår at den ikkje kan bli verande på museumsfasaden no når Torsheimutstillinga er over.

– Vi har kunsten til Torsheim inne i museet heile tida, men vi er ikkje eit Torsheim museum, og difor må kunsten på fasaden skiftast ut med jamne mellomrom når vi får nye utstillingar.

Ikkje med det første

Men publikum vil kunne nyte synet den kjende hunden i Førde sentrum ei stund til. Svensen seier at dei jobbar med ulike idear til ein ny fasadepryd, men at det truleg ikkje vil skje noko før til sommaren.

– Nei det blir nok ikkje med det første. Vi må samarbeide med eigar og kommunar. I tillegg må vi stelle oss til lovar og reglar, seier museumsdirektøren.

Per Nikolai Solheim og Trond Ueland

POSITIV: Til høgre, Kommunalsjef i Førde Trond Ueland er positiv til at Torsheimhunden blir verande.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kommunalsjef i Førde, Trond Ueland seier at Sogn og Fjordane Kunstmuseum må søke før måneskiftet dersom dei vil behalde Torsheimhunden på fasaden, men at dei ikkje kjem til å lage problem dersom hunden blir verande lenger enn det.

– Torsheimfeber er flott det! Det er kjekt at ein har fått til ei utstilling og ein fasade som vekker så mykje engasjement. Det var det vi ville med denne utstillinga, og det fekk vi til, så vi er positive til at Torsheimhunden kan bli verande ei stund til, seier Ueland.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.