Hopp til innhold

Til sommaren skal denne frakte turistar på Nærøyfjorden

Til sommaren kan turistar få sjå Nærøyfjorden frå ein delvis batteridriven båt.

Seasight

UTAN UTSLEPP: Til sommaren blir delvis batteridrivne Seasight settt i rute mellom Gudvangen og Flåm.

Foto: Pressefoto

Planen er sjøsetting i mai, og rutedrift frå 1. juni. Nysatsinga har fått namnet Seasight og er ein delvis batteridriven passasjerbåt, som til sommaren altså skal frakte turistar lydlaust på Nærøyfjorden i Aurland.

–Til sommaren får vi ein hybridbåt som skal gå på Nærøyfjorden utan forureining. De betyr at når vi kjem i verdsarvfjorden så koplar vi over på rein batteridrift, seier Rolf Sandvik som er dagleg leiar i The Fjords, som skal drive båtruta.

Investerer i miljøvenleg teknologi

Båten er designa og blir bygt ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Båten kjem til å koste kring 100 millionar kroner, moglegheita for batteridrift gjer den fleire titals millionar kroner dyrare enn ein tilsvarande båt med berre dieseldrift.

– Dette gjer vi fordi det trass alt er fjordane vi skal leve av, og det er reine fjordar vi sel i Norge som turistattraksjon. Denne investeringa i miljøvenleg teknologi blir vårt bidrag, seier Sandvik.

Rolf Sandvik, dagleg leiar i The Fjords

LANSERER HYBRIDBÅT: Rolf Sandvik er dagleg leiar i The Fjords.

Foto: Pressefoto

Båten skal gå mellom Gudvangen og Flåm, men på deler av turen må dei framleis basere seg på dieseldrift fordi batterikapasiteten ikkje er stor nok.

– Vi kunne sjølvsagt ha montert inn fleire batteri, men vekta av batteria hadde nok då blitt så stor at vi fort hadde fått eit undervassfartøy snarare enn eit overflatefartøy.

Etterspurt av dei reisande

Det spesialbygde fartøyet skal ha plass til 400 reisande. Det blir ladepunkt ved endestasjonane i Flåm og Gudvangen i tillegg til at batteria blir lada på dei delane av strekka der båten går med dieseldrift.

– Vi investerer ganske mange titals millionar ekstra i miljøvenlege teknologi som vi håpar skal bli føretrekt av dei av gjestene våre som tar eit aktivt val for meir miljøvenleg reisemåte. Så dette er eit bevisst val for oss for å trekke til oss ein marknad som er meir opptekne av miljø og ikkje berre konkurrere på pris, seier Sandvik.