Hopp til innhold

Til sommaren er geitene tilbake i Våtedalen

Om du var blant dei som sakna geitene langs E39 i Våtedalen sist sommar, har geitebonde Vidar Sandal ei god nyheit. Til sommaren blir det igjen geiter å sjå i dei bratte fjellsidene.

Snart er geitene tilbake i Våtedalen. Foto: Silje Guddal, NRK

VIDEO: Neste veke går turen til beiteområdet i Våtedalen der dei skal vere i sommar. Foto: Silje Guddal, NRK

– Her ser du 70 geiter på eine sida av gjerdet, og 70 på den andre, seier geitebonden på Egge i Gloppen og peikar utover beita rundt garden.

Til saman 140 geiter trippar rundt geitebonden på den vårgrøne bøen. Dei er alle berre fire månader gamle, og er snart klare for nye eventyr.

Neste veke går nemleg turen til beiteområdet i Våtedalen som ligg i Jølster og Gloppen, der dei skal vere i sommar.

– Eg er veldig spent på korleis det skal gå, vedgår geitebonden.

Slakta ned geitene for å bli kvitt sjukdom

Store og små geiter i flokk i fjellsidene og langs E39 i Våtedalen har gjort den tronge dalen mellom Skei og Byrkjelo kjent i reiselivssamanheng.

For mange har det blitt eit kjærkome innslag på bilturen å stogge her for litt nærkontakt med dei tillitsfulle dyra. Men sist sommar var det ikkje geiter i Våtedalen.

Geiteflokkane som brukte gå der vart nemleg sanerte, noko som vart gjort for å kvitte seg med sjukdommar som har spreidd seg over fleire år. Slike prosessar har funne stad over heile landet for å sikre ein friskare geitestamme.

Geitebøndene i Gloppen er blant dei siste som gjennomgjekk prosessen.

– Vi var plaga med tre luftvegssjukdomar i flokkane våre, og vi såg at dyra hadde ein del plager. Dei hosta mykje, dei naus og blødde naseblod. Vi såg at det ikkje var noko trivsel i flokken, verken i forhold til vekst eller mjølkeproduksjon, fortel Sandal.

Gler seg over resultatet

Vidar Sandal og geitene

SPENT: Geitebonde Vidar Sandal er spent på korleis det skal gå når dei unge geitene skal på sommarbeite langs E39.

Foto: Silje Guddal / NRK

Styresmaktene tok difor initiativ til ei storstila nedslakting for å kvitte seg med sjukdomane. Sandal fortel at alle gamle geiter i Norge har blitt slakta ned i løpet av dei siste sju-åtte åra.

Den nye geiteflokken hans består av 140 geitekillingar som kjem frå andre geitebruk i fylket, som allereie har vore gjennom saneringsprosessen.

Dermed skal desse vere heilt friske.

– No ser vi ein svært gledeleg framgang. Vi ser ikkje nokon av dei sjukdomssignala vi hadde tidlegare, og vi ser at dei veks som aldri før, fortel bonden oppglødd.

Har oppgradert bygga for millionar

Men det er ikkje berre geitene som bokstavleg talt er nye. Både driftsbygningen på Egge i Gloppen og sommarfjøsen inne i Våtedalen er rusta opp for til saman to millionar kroner.

– Vi har pussa opp både innvendig og utvendig. Det er ikkje ein plass du kan setje fingeren på gamalt treverk lenger, seier Sandal og fortel at dette måtte til for å kvitte seg alt av bakteriar.

– Vi fekk strenge krav frå veterinærstyresmaktene om at dette skulle gjerast skikkeleg, seier geitebonden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geitene i Våtedalen

NY FLOKK: Geitene som skal til Våtedalen denne sommaren er alle berre fire månader gamle. Det er ingen gamle geiter i flokken, då desse er slakta ned.

Foto: Silje Guddal / NRK

Prøver lære opp geitene

Rundt føtene hans flokkar geitene seg i full fart når han lokkar på dei. Det er Sandal glad for, nettopp dette har han nemleg trena dei til.

– Det er no eg legg grunnlaget. Kjea er heilt nye, og det er ingen gamle og eldre geiter her som kan vise veg. No må dei trenast opp av meg som eigar, og eg må prøve gje dei nye vanar, seier han.

Ein del av denne «opplæringa» går ut på å lære geitene opp til å kome når Sandal kallar på dei. Slik håpar han å få dei til å høyre etter når han til sommaren kallar dei inn til mjølking og for natta.

– Eg prøver å lære dei opp mest mogleg. Så prøver vi å få til eit beitemønster litt vekke frå kvitestripa, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Video 33 geiter drepne av nattbussen

GEITEPÅKØYRSEL: Over 30 geiter vart drepne då nattbussen hausten 2011 køyrde inn i ein flokk som låg i vegen på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster.

Oppheta debatt om beitedyr i trafikken

For sjølv om nokon gler seg stort over at geitene skal tilbake langs E39 i Våtedalen, er det nok ein del som gremmer seg også.

Beitedyr langs trafikkerte vegar har i fleire omgangar før til oppheta debattar. Her i fylket gjekk det seinast ein slik debatt hausten 2011. Dette skjedde etter at ein geiteflokk vart påkøyrd av ein buss på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.

– Nakkehåra reiser seg når eg tenkjer på den episoden, og dette er sjølvsagt noko vi håpar aldri skjer igjen, seier Sandal.

I etterkant av den tragiske hendinga i Kjøsnesfjorden vart det mellom anna bestemt å teste ut refleksmerking av beitedyr, men det låg lite pengar til å skilje beitedyr og bilar med fysiske hinder.

Håpar på det beste

Langs E39 i Våtedalen er ting som det har vore. Der blir geitene gåande slik dei vil, dei kan krysse vegen eller legge seg der.

Geitebonde Vidar Sandal vedgår at han er spent på korleis det skal gå når dei unge geitene no skal prøve seg i trafikken.

– Våtedalen er smal, vegbana går i dalbotnen og det er bratt opp mot fjellet. Det er eit avgrensa område for geitene å gå i, men eg håpar det skal gå best mogleg, seier han.

Sandal seier han den siste tida har sett at geitene har blitt stadig meir vande med bilar, men legg til at det er avgjerande med eit samspel med bilistane om ting skal gå bra.

– Det er 3000 bilar i døgnet i juli og august månad gjennom Våtedalen, så det er klart dette må vere ein smidig kombinasjon, seier han.

Han beklagar at det ikkje har kome på plass fysiske stengsel mellom beiteområda og E39 i Våtedalen, men seier dialogen med Vegvesenet har vore god og konstruktiv.

– Eg må berre be folk om å vere obs på at det er nye dyr der til sommaren, og at dei kanskje treng litt tid på å gjere seg vande med trafikken, seier han.

Geiter klare for Våtedalen

KLARE FOR SOMMARBEITE: Ein flokk på til saman 140 geitekillingar er snart klare for sommarbeite langs E39 i Våtedalen i Jølster.

Foto: Silje Guddal / NRK