Hopp til innhold

Til sjukehus med luftambulanse etter trafikkulukke

Ein person er frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde etter ei trafikkulukke på Rv. 15 ved Bryggja i Vågsøy. Dei tre andre i bilen vert køyrde til Førde i ambulanse.

trafikkulukke Bryggja

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.09 og alle naudetatar rykte ut. Bilen dei fire personane sat i køyrde inn i eit tre.

Det er to vaksne og to barn som har vore involverte i ulukka. Føraren av bilen er alvorleg skadd og vert sendt til sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse. Det opplyser Vest politidistrikt klokka 19.35.

Den andre vaksne personen verkar moderat skadd, medan dei to barna verkar lettare skadde. Desse vert køyrde til Førde i ambulanse.

Politiet veit foreløpig ikkje noko om årsaka til ulukka.

Det var manuell dirigering forbi ulukkesstaden ei periode etter ulukka, men klokka 19.50 opplyser Vegtrafikksentralen at det er fri ferdsel på staden.