Hopp til innhold

Til sjukehus etter vald

Fire menn barka i hop i Florø etter utestadane stengde natt til laurdag.

– Vi har ein mann i arresten, og ein er på sjukehus, seier operasjonsleiar hjå politiet, Per Rimmen.

– Er det snakk om alvorleg vald?

– Det må etterforskinga vise.

Mannen som er på sjukehus etter valden i 03-tida i natt, er ikkje den einaste som vart send i retning Førde sentralsjukehus natt til laurdag.

I Gloppen fall ein rusa tenåring ned ein skrent på fylkesveg 615 Sandane-Hestnesøyra, og han vart også frakta til sjukehus. Den same turen med ambulanse måtte ein rusa mann frå Måløy ta: Politiet fann han utanfor eit hus i Gate 5 klokka 04.15.

I Vik kom det melding om ein båt som køyrde i ei flytebrygge like før klokka 03. Politiet mistenkjer rus, og mannen vart teken med for blodprøve

Elles har det vore ei relativt roleg laurdagsnatt for politiet. I Førde vart ein rusa mann køyrd heim, og i Florø måtte dei ta seg av eit par festar med svært høg musikk.