NRK Meny
Normal

Mann i 40-åra slått ned - flydd til sjukehus med hovudskadar

Ein mann i 40-åra vart slått ned ved ein utestad i Sogndal i natt. Hovudskadane var så alvorlege at han vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om situasjonen like før klokka 02.00 i natt.

– Me fekk melding frå ei dørvakt på ein utestad i Sogndal om at ein person låg på bakken, og at det var to gjerningspersonar på staden, seier Trond Hatlenes, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet er no på jakt etter to menn i 20-åra. Eksakt kva dei har gjort kan ikkje politiet gå ut med endå, men dei seier at det har vore utført vald slik at den fornærma mannen måtte fraktast til Haukeland universitetssjukehus.

Politiet har namnet på begge dei to mistenkte, men har ikkje lukkast å få tak i dei endå.

Oppdatering 14.00:
Politiet har fått opplyst frå Haukeland at mannen ikkje er alvorleg skadd.

– Me har framleis ikkje fått tak i dei to personane. Det blir etterforsking utover dagen, seier Stig Inge Hauge, opersjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.