Mann (54) lettare skadd etter utforkøyring

Ein 54 år gammal mann vart i ettermiddag sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter ei utforkøyring ved Eide i Selje kommune.

Laster kart, vennligst vent...
Eirik Hildal
Journalist

Politiet melde om ulukka klokka 14.50. Rundt ein time etter ulukka fortalde operasjonsleiar hjå politiet, Espen Gulliksen at ambulanse og politiet jobba med personen på staden.

Det var forbipasserande som varsla om ulukka.

– Personen er medviten, men blør frå hovudet. Personen må på sjukehus, men det er førebels vanskeleg å seie kor alvorleg skaden er, sa Gulliksen.

Helse Førde opplyser måndag kveld at mannen er lettare skadd, og at tilstanden er stabil.

Det er for tidleg å seie kva som gjorde at bilføraren hamna utfor vegen.

– Årsaksforhold er det for tidleg å seie noko om, før vi får prata meir med personen som køyrde av vegen, sa Gulliksen.

NRK oppdaterer saka.

Laster Twitter-innhold
Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.