Hopp til innhold

Til sjukehus etter trafikkulukke

Ein bil køyrde av vegen og hamna i ein hage i Balestrand i ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17:31. Det var to personar i bilen og begge kom seg ut på eiga hand. – Det var eit eldre ektepar i bilen. Det er uklart kva som har skjedd, men bilen hamna tre meter ned ei skråning, seier Dag Olav Sætre som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt. Kvinna som køyrde bilen hadde smerter og vart sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Politiet opprettar sak på ulukka.