Hopp til innhold

Til sjukehus etter trafikkulukke

Ein mann i 50-åra har køyrd utfor vegen på riksveg 5 i Lærdal.

trafikkulukke riksveg 5 lærdal

KØYRDE UTFOR: Ein mann er sendt til sjukehus etter denne ulukka.

Foto: NRK-tipsar

Ulukka skjedde i ein sving like aust for Lærdal sentrum, ved Hauge. Føraren vart sendt til Lærdal sjukehus, men viste seg å vere uskadd.

– Vedkomande var oppe og gjekk, så det verka ikkje som det var veldig alvorleg, sa operasjonsleiar for politiet, Olaug Holme like etter ulukka.

Bilen var så å seie heilt ute av vegen og var ikkje til hinder for anna trafikk.

Årsaka til ulukka er ikkje kjend, men det er ikkje mistanke om rus. Ifølgje ein NRK-tipsar har bilen truleg snurra rundt nokre gonger i samband med ulukka.

Klokka 20.15 melder politiet at bilen er fjerna.

Lærdal