NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter straumsjokk

Ein mann i midten av 20-åra vart send til sjukehus etter å ha fått straum gjennom hovudet på Bruland i Førde.

AMK fekk melding om ulykka rundt midnatt natt til laurdag. Både ambulanse og luftambulanse vart sende til staden.

Klokka 14.30 laurdag opplyser AMK i Førde at mannen låg inne til observasjon, men at han no er utskriven.

Mannen skal ha fått 220 volt gjennom kroppen. Han kom borti ei ledning som hang ned frå ei utelampe som var fjerna.

Ifølgje politiet er ledninga no sikra.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote