NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter smell på glatta

Ein mann i tjueåra blei sendt til Førde sentralsjukehus etter ei ulukke ved Blomlia laurdag føremiddag.

Politi utrykning Blomlia i Førde

FULL UTRYKNING: Tenestemenn frå politiet i Førde var raskt på plass etter ulukka.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Bilen har snurra og treft autovernet på begge sider av fylkesvegen, opplyser politiet til NRK sin utsende på ulukkesstaden.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjend, men føraren av bilen var medviten og klaga over smerter i ryggen, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.27 laurdag føremiddag, og både brannvesen, politipatruljar og ambulanse blei sendt ut til staden.

Blomlia ligg ved fylkesveg 609, nokre kilometer sør for Førde i retning Askvoll.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.